SA NEI: Det er ikkje kvar dag forslaga til Arbeidarpartiet vert røysta ned. Tysdag skjedde nettopp det i formannskapet. Forklaringa frå Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne er at dei treng meir tid til å vurdere forslaga. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
SA NEI: Det er ikkje kvar dag forslaga til Arbeidarpartiet vert røysta ned. Tysdag skjedde nettopp det i formannskapet. Forklaringa frå Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne er at dei treng meir tid til å vurdere forslaga. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Her røystar MDG og Sp mot budsjettforslaga til Ap

Valresultatet gjorde seg gjeldande i formannskapet då budsjettet for 2017 var oppe til handsaming.

Årdal: I alle år har Arbeidarpartiet hatt eit klart fleirtal i Årdal, og slik sett også fått vilja si, men etter kommunevalet i fjor var det tydelegare enn nokon gong at det er nye tider.

Tysdag gjorde det seg gjeldande då Ap kom med endringsforslag til budsjettet for 2017. Nesten alle forslaga fall mot Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne sine røyster.

– Kva er di vurdering av at forslaga dykkar fall?

– Eg ser at dei fell, ja, men høyrer ikkje at formannskapet er mot forslaga. Dei ber om å få tid på seg til å setja seg meir inn i budsjettet. Eg meiner jo at forslaga er gode, noko eg fekk gehør for hjå Senterpartiet spesielt, svarar gruppeleiar for Arbeidarpartiet Marie Helene Hollevik Brandsdal.

MDG: – Treng tid på å vurdere forslaga

Ap har like mange representantar som Senterpartiet i formannskapet. Etter valet i fjor inngjekk dei eit samarbeid med Miljøpartiet Dei Grøne – eit samarbeid som fekk seg ein knekk under handsaminga av Hydropark-saka. 

MDG-representant, Sandra Opheim, forklarar at ho treng meir tid til å vurdere forslaga til Arbeidarpartiet.

Artikkelen held fram under biletet.

RØYSTA MOT: Erling Offerdal (Sp), Sandra Opheim (MDG) og Hilde Horpen (Sp) sa alle nei til budsjettforslaga til Ap.
RØYSTA MOT: Erling Offerdal (Sp), Sandra Opheim (MDG) og Hilde Horpen (Sp) sa alle nei til budsjettforslaga til Ap.

– Eg treng tid fram til kommunestyremøtet på torsdag til å vurdere dei. Dei har ikkje funne inndekking for forslaga sine innanfor budsjettrammene, men vil auke pengebruken, og det er MDG kritisk til. Så får me sjå kva som skjer i kommunestyret, seier Opheim og legg til at MDG alltid har stemt ut frå sjølvstendig politikk.

– Alle veit kva som står i den avtalen, og der står det ikkje at MDG skal røyste med Ap i saker, legg ho til.

I Senterparti-leiren er grunngjevinga for eit nei den same. Dei fekk tilbod om eit gruppemøte undervegs i møtet tysdag, men ville drøfte dette fram til torsdag i staden.

– Dei var såpass omfattande synest eg, at me bør bruke tida fram til torsdag å sjå på dei, kanskje saman med Ap også. Det er ingen annan grunn, svarar gruppeleiar for partiet Thomas Norheim Moen (Sp). 

Sp: – Justeringar må ikkje gå ut over botnlinja

Kort oppsummert ønskte Ap å gi meir pengar til kyrkja og Farnes skule, ta opp eit lån til å fikse skuleplassen på Farnes skule, doble løyvinga til IKT-utstyr til skulane i 2017, sette av pengar til ein aktivitør i omsorgen, samt gå mot forslaget frå rådmann om å innføre sesongkort i bassenga.

FORSIKTIG: Norheim Moen og Sp vil vere forsktig med å røre for mykje med pengane slik at det går ut over botnlinja.
FORSIKTIG: Norheim Moen og Sp vil vere forsktig med å røre for mykje med pengane slik at det går ut over botnlinja.

Pengane til nokre av forslaga ville dei hente frå disposisjonsfondet, noko rådmannen tidlegare har åtvara sterkt mot fordi dette skal vere overskotet til kommunen i åra som kjem. Dette tilsvarar 1,75 prosent av budsjettet, eller rundt 10 millionar kroner, og er ei føring frå Fylkesmannen. 

– I hovudsak vil ikkje Senterpartiet røre ved desse pengane. Nokre justeringar kan gjerast, men det må ikkje gå ut over botnlinja, seier Norheim Moen.

Forsvarar auka pengebruk

– Korleis forsvarar du finansieringa av forslaga til Ap, Hollevik Brandsdal?

– Det forsvarar eg med at me held oss innanfor 1,5 prosent, og då er me innanfor det som er forsvarleg. Samstundes har me midlar på disposisjonsfondet i år, så me kan ende opp på 1,75 prosent likevel. Då har me ein sunn økonomi, svarar ho.

– Kjem de til å kome med forslaga på nytt i kommunestyremøtet?

– Ja, det gjer me. Me har brukt god tid på budsjettet, har handsama det i medlemsmøte og gruppemøte. Det har vore på høyring, og med desse forslaga har me imøtekome det dei tillitsvalde og frivillige lag og organisasjonar har spelt inn. Eg håpar MDG og Sp nyttar tida godt og kjem fram til at forslaga er verdt å støtte i kommunestyret. 

Til toppen