HISTORISK: Elise Thorsnes spelte heile nitti minutt i hennar landskamp nummer hundre mot Island i går. Ho er den fotballspelaren i fylket med flest landkampar for Norge, både på kvinne- og herresida. Foto: Getty Images.

Her rundar Elise Thorsnes (28) hundre landskampar

I går vart ho den første frå Sogn og Fjordane til å nå den historiske milepælen.

Algarve: Elise Thorsnes frå Leikanger fekk i går landskamp nummer hundre då Norge spelte 1-1 mot Island i Algarve Cup. Med det er ho nummer sytten på adelskalendaren til det norske kvinnelandslaget, fem kampar bak neste på lista, stopparlegenda Gro Espeseth. Hege Riise tronar øvst med 188 landskampar.

Debuten kom i 3-0 sigeren mot Serbia i VM-kvalifiseringa i 2006. Første scoringa kom to år seinare i ein 4-2 siger mot Italia. Sidan har det blitt til saman seksten scoringar for A-landslaget.

Thorsnes har berre tre spelarar framfor seg som framleis er aktive på landslaget, nemleg Ingrid Hjelmeseth, Maren Mjelde og Isabell Lehn Herlovsen. Allereie i morgon får ho sjansen til å knappe innpå dei øvrige når Norge møter Spania til andre gruppekamp i Algarve Cup.

Til toppen