RYDDEJOBB: Her ryddar Robel og Ermiyas frå kommunen opp i svineriet som nokon har etterlate seg. Foto: Bjarte Ramstad.
RYDDEJOBB: Her ryddar Robel og Ermiyas frå kommunen opp i svineriet som nokon har etterlate seg. Foto: Bjarte Ramstad.

Her ryddar dei kjøleskapet nokon har dumpa rett i naturen

Som leiar i idrettslaget på Kaupanger er Bjarte Ramstad van med å ta i eit tak for bygda. Men å rydde etter frekke miljøsyndarar har han ikkje mykje til overs for. – Reine galskapen, seier han.

OPPGITT: Bjarte Ramstad frå Kaupanger håpar det går lenge til neste gong nokon dumpar liknande griseri i naturen.
OPPGITT: Bjarte Ramstad frå Kaupanger håpar det går lenge til neste gong nokon dumpar liknande griseri i naturen.

Kaupanger: Kjøleskapet vart oppdaga før helga av ein turgåar som først vart merksam på den vonde lukta. Maten låg strødd rundt, hjortekjøt, sushirestar, epleciderflasker, aioli, kloss på vegen som går opp til flyplassen på Haukåsen.

Bjarte Ramstad såg bilete av svineriet på Facebook og bestemte seg for å ta grep.

– Det er reine galskapen dette der. Det er nesten som eit gufs frå 70-talet. Eg trudde ikkje det gjekk an å gjere slikt no i 2016, seier han.

– Skjøner ikkje poenget

Etter nokre telefonar var hjelpa på plass. Kommunen stilte med to tilsette frå teknisk etat som tok det seg av det grøvste.

For Ramstad er det eit mysterium at syndarane ikkje tok seg bryet med å levere kjøleskapet på den lokale miljøstasjonen. For det hadde vore minst like ukomplisert som å dumpe det i naturen.

– Det verkar veldig unødvendig. Det eine er at det er naturkriminalitet, noko anna er at eg ikkje skjønar poenget. Du kan få levert det på lovleg vis til SIMAS for 70 kroner, eller kva det er. I staden blir det liggjande til sjenanse og til fare for dyr, seier Ramstad. 

– Det er det som er så toske, når du har utstyr til å køyre det så langt, så kunne du like godt ha køyrt det i Festingdalen, meiner han.

Håper det går lenge til neste gong.

Han trur det er lokale folk som har vore på ferde, for det er grenser for kor langt du gidd å køyre eit kjøleskap. Men noko meir enn det vil han ikkje spekulere.

– Kva som har skjedd og kven som har ansvaret er ikkje så viktig for meg. Det viktigaste var å få det vekk, seier Ramstad. 

No håpar han det går lenge til neste gong nokon tør å vere så frekke.

– Slik sett er det kanskje greitt at det kjem ut i media, for då kan det hende folk tenkjer seg om to gongar, seier Ramstad.

Til toppen