SØPPEL: Ein vel rute sjølv og tar med deg så mykje søppel som mogleg.
SØPPEL: Ein vel rute sjølv og tar med deg så mykje søppel som mogleg.

Her ryddar dei søppel i fjøra

Det var mange søppelposar å sjå i Sogndalsfjøra på søndag.

Sogndal: Naturvernsstudentane i Sogndal arrangerte søppelryddedag i Sogndalsfjøra. I år er det tredje året på rad arrangementet har blitt arrangert.

– Vi er tredjeårsstudentar så dette er siste året vi er her, og vi hadde lyst å arrangere dette ein siste gong, forklarar Alette Hus Kråkenes som er student og arrangør.

– I fjor var det 45 som møtte opp, i år håpa vi på minst like mange i dette fine vêret

Kjem fram etter vinteren

Konseptet går ut på at ein får ein søppelpose og plasthanskar, ein vel ei rute og tar med så mykje som mogleg søppel tilbake.

Strandryddedagen var i går, men naturvernsstudentane har lyst å rydde heile Sogndalsfjøra.

– Det er fint vêr, mange har konfirmasjon og snart er det 17. mai, då er det viktig at det er ryddig. No har snøen forsvunnet så då kjem veldig mykje av søpla fram igjen, fortel Kråkenes.

Til toppen