POPULÆRT: Strikkepuben blir arrangert på Postaabneriet Pub & Cafè på Borgun ei gong i veka – denne kvelden var femten innom for å strikka, prata, ta eit glas vin eller ein kaffikopp og eta pizza eller eit lite kakestykke. Foto: Ole Ramshus Sælthun
POPULÆRT: Strikkepuben blir arrangert på Postaabneriet Pub & Cafè på Borgun ei gong i veka – denne kvelden var femten innom for å strikka, prata, ta eit glas vin eller ein kaffikopp og eta pizza eller eit lite kakestykke. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Her samlast dei til strikkepub

Når ei lita grend har eit aktivt husflidslag og ein lun pub – kvifor då ikkje arrangera strikkepub?

Lærdal: – Her blir det produsert mykje fint. Dei fleste strikkar, men det er ingen tvang, seier Anna Margrethe Tråve, leiar i Borgund husflidslag.

Ei gong i månaden arrangerer dei strikkepub på Postaabneriet Pub & Cafè. Denne kvelden har femten vore innom, sist gong var dei tjue.

– Dette er ope for alle – ein treng ikkje vera medlem i husflidslaget, og ein treng ikkje bu på Borgund. Så me har ei blanding av faste og andre som svingar innom i ny og ne, seier Tråve.

– Har det vore karar innom?

– Nei, det har det vel ikkje.

– Knut Opdal må du skriva med store bokstavar. Sjølv om han rett nok har halde seg bak bardisken, legg Ragnhild Skretteberg til.

Artikkelen held fram under biletet

FLITTIGE HENDER: – Her blir det produsert mykje fint, seier leiar i Borgund husflidslag, Anna Margrethe Tråve (t.v.).
FLITTIGE HENDER: – Her blir det produsert mykje fint, seier leiar i Borgund husflidslag, Anna Margrethe Tråve (t.v.).

– Betyr mykje å ha puben

For det er trass alt strikkepub. Og då må ein naturlegvis kunne nytta seg av det ein pub har å by på.

– Det er lov å drikka vin, ja, seier Tråve.

Denne kvelden er Solgunn Haugen pubvert og serverer damene vin og pizza.

– Det er veldig fint å kunne nytta puben til slikt. Me vil ha det varmt når me møtest slik, og huset me elles nyttar til arrangement – gamle skulen på Husum – er veldig kaldt no på vinteren, seier Solveig Gram.

– Hadde de arrangert strikkekveldar heime hjå nokon om de ikkje hadde hatt puben?

– Nja, då må nokon byrja å styra med mat, kaffi og slikt. Her kjem me til duk og dekka bord. Så det betyr mykje å ha denne puben, seier Tråve.

Medan Gram strikkar kvite sokkar er Tråve godt i gang med ei lue. Her nyttar ho teknikken kontstrikk.

– Det er ein måte å strikka på så du får desse rutene i ulike fargar, forklarar Tråve.

LUE: Ved å nytta teknikens kontstrikk får ein desse rutene på til dømes lua ein strikkar. Foto Ole Ramshus Sælthun
LUE: Ved å nytta teknikens kontstrikk får ein desse rutene på til dømes lua ein strikkar. Foto Ole Ramshus Sælthun

Lærdalskofta

Ei strikkeoppskrift på lærdalskofta går rundt bordet og ein liten strikkediskusjon oppstår.

– Eg strikka lærdalskofta første gong på 60-talet. Ja, den har ingenting med Lærdal å gjera, eigentleg. Dei laga mange forskjellige strikkeoppskrifter og fann ulike stader dei sette på produkta, seier Mia Hovland.

– Det var vel ikkje før på 90-talet at eg skrikka mi første lærdalskofte, skyt Tråve inn.

Kva garnprodusent strikkeoppskrifta kjem frå blir også omtala i diskusjonen ved enden av bordet, utan at journalisten til stades får heilt tak på det.

– Dale garn, seier de?

– Sandnes Garn, svarar Hovland.

– Sannes?

– Nei, Sandnes. Staden Sandnes i Rogaland. Der er det ein garnprodusent.

– Ok. Og kofte – kva er eigentleg det?

– Det er ein genser som er open framme, med knepping, forklarar Tråve.

– Akkurat. Her må det inn med teskei, skjønar de.

– Du må berre koma oftare, så skal me læra deg, me, seier Grete Kleppe.

– Treffer ikkje folk om ein ikkje går på noko

– Kva pratar de vanlegvis om når de møtest til strikkepub?Strikking? Politikk? Verdsproblem?

– Det er nok heile spekteret, du, svarar Tråve.

– Strikkinga er ein ting, men det sosiale er viktigast. For ein treffer ikkje folk om ein ikkje går på noko. Det er liksom slutt på den tida då ein besøkte kvarandre heime titt og ofte, seier Gram.

Kor lenge dei har arrangert strikkepub er litt uklart. Framlegg på alt frå to til fem år kjem på bordet, og konklusjonen blir etter kvart at det er nærare fem enn to.

– Me held det i alle falle oftare no enn me gjorde før – ei gong i månaden er fast, med unntak av på sommaren. Og det blir meir og meir populært, seier Tråve.

Artikkelen held fram under biletet

SOSIALT: Sjølv om det blir strikka og hekla i stort monn, står det sosiale i sentrum på ein strikkepub.
SOSIALT: Sjølv om det blir strikka og hekla i stort monn, står det sosiale i sentrum på ein strikkepub.

Stigning i medlemstal inn mot jubileumsåret

Borgund husflidslag heldt årsmøte før kveldens strikkepub. Dei er no 17 medlemmar.

– Me har hatt stigning siste åra, så det er bra.

– Botnen var då dei einaste medlemmane me hadde var dei som sat i styret. Heldigvis kom det ei strikkebølgje, og godt var det, elles hadde me døydd ut, seier Gram.

– Kva skuldast denne bølgja? Noko med kjendisar?

– Ja, det er gjerne slikt som må til. No blir det jo strikka Lothepus-gensarar i stor stil, seier Tråve.

Husflidslaget har 40-årsjubileum neste år. Og dei driv ikkje berre med strikking. Nokre heklar, dei har vevkveldar og held ulike slags kurs.

– Sykurs og knivkurs har me hatt, mellom anna. Me jobbar jo for å halda dei gamle handverkstradisjonane i hevd, seier Tråve.

– De lagar mykje julegåver her, vil eg tru? Ja, kanskje ikkje no for tida, då men.

– Julegåver kan lagast heile året, veit du.

Til toppen