Her seier dei ja til næring i Hydroparken

Her seier dei ja til næring i Hydroparken

Med 15 mot 6 røyster sa kommunestyret i Årdal ja til at Handelsbygg får etablere seg i Hydroparken.

Årdal: Det betyr at Handelsbygg får grønt lys til å starte utbygging av eit næringsbygg i Hydroparken, der Europris vil vere ein av butikkane som kjem til Årdal. 

Når røystene vart talt opp, var det eit fleirtal på 15 mot 6 røyster som sa ja. Heile Ap-gruppa, Venstre, Høgre og delar av Sp-gruppa sa ja. Den andre delen og MDG sa nei. 

Sjå debatten om att i videovindauget nede i saka.

– Det er Hydro som eig området. Dei ønskjer å selja det. Det er ikkje eit friområde. Eg ber ikkje om sympati, men respekt for vårt verdisyn. Når det er avklart at dette er eit parkbelte i industriområde, og ikkje eit friområde, er det vår politikk me går for, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

Brandsal la vekt på at ho ikkje hadde bitta gruppa si og at ingen er tvungne til å røysta ja. 

Vil bevare parken

Sandra Opheim (MDG), som heile tida har vore klar på at ho ønskjer å bevare Hydroparken som park, forklarte kvifor.

– Kvifor vil ikkje Dei Grøne erstatte eit grøntområde med butikk, asfalt, parkeringsplassar og meir trafikk? Som det kjem fram av saksutgreiinga, vil det ha store negative konsekvensar for nærmiljøet, seier ho og viste til forsking som seier at tilgang på grøne areal har positiv effekt på fysisk og psykisk til menneske.

Ville bruke parken til andre ting

Erling Offerdal i Senterpartiet røysta også mot. Han gjorde det klart at han ville nytte området til andre behov. 

– Me veit det er eit privat område, men me har snart ikkje att ledige område å byggje ut på. Eg trur heller ikkje me vert sitjande att med så mange arbeidsplassar som det går fram fordi ein flyttar arbeidsplassar frå andre område, som Tess på Årdalstangen.

Det vart også stilt spørsmål kva konsekvensar dette ville ha for eksisterande handel, og om det var riktig å leggje dette utanfor sentrum. 

– Aldri trudd me skulle synse om konsekvens

Hilmar Høl (Ap) minna om at dette er rykter og bad politikarane vera forsiktig med kva dei sa frå talarstolen.

– Eg hadde aldri trudd at me skulle liggja på eit slikt nivå i denne salen at me synsar om kva som kan vera ein konsekvens, der to partar er samde om å etablere ein butikk i ein park som er eigd av Hydro. Me driv og lullar oss inn i saker som me trur kommunestyret har styringsrett i. Lat det vera sagt at kommunestyret kan ikkje freda ein privat aktør sin eigedom, sa han og spurte Offerdal om kva han ville ha i parken.

– Er det slik at du vil ekspropriere området eller skal kommunen kjøpe det?

– Eg har vore klar på det heile vegen. Dersom behovet er der, må me ekspropriere.

Høgre og Venstre røysta for

I og med at den politiske avtalen mellom Miljøpartet Dei Grøne og Arbeidarpartiet er daud, var Ap avhengig av støtte frå andre hald. Det fekk dei frå både Venstre og Høgre.

– For dei som les budsjetta til handelsdrivande, vil dei 20-30 millionane som bremsar handelslekkasjen ved denne etableringa, utgjere marginen for om dei overlever eller ikkje. Ein skal ikkje neglisjere den effeken minken i lekkasjen har, og ein opptur vil vere positivt, sa Kurt Jevnaker (V).

– Høgre meiner næringsutvikling er viktig. Etableringa av nytt handelshus vil føre til nye arbeidsplassar, auka skatteinngang for kommunen og positiv innverknad på anna næring. Samstundes vil mest truleg handelslekkasjen minke. Når ein utbyggar vil etablere seg med millionar av kroner, bør det vere ei plikt for kommunen å leggje til rette for at det vert ein realitet, sa Ingvild Standnes (H). 

Dette er saka

Hydroparken kom plutseleg på dagsordenen i desember 2014 då Porten.no fortalte at Handelsbygg ønskte å etablere eit næringsbygg med to-tre butikkar. Då var ingenting signert, men allereie då var det snakk om at ein av desse butikkane var Europris.

Reaksjonen lot ikkje vente på seg. Nokre få dagar seinare sa ungar i frå om at dette var akebakken deira, og at denne ville dei ikkje ofre. 

Det skulle gå lang tid før parken vart eit tema igjen, og det var under valet i fjor. Då MDG og Ap inngjekk eit samarbeid, var det mellom anna avtalt at alle friområde i kommunen skulle bevarast. 

Porten.no kunne seinare hausten 2015 fortelje at området teknisk sett ikkje var eit friområde, men eit parkbelte i industriområde – eigd av Hydro. Juridiske vurderingar knytt til ansvar vart også eit tema, og fabrikksjef Egil Fredriksen varsla at det kunne føre til at dei kom til å stenge av parken. 

Først våren 2016 kom saka opp for politisk handsaming, då med spørsmål om planen i det heile skulle leggjast ut på høyring. Då sa både Senterpartiet og Arbeidarpartiet ja, noko MDG-politikar Sandra Opheim lot seg skuffe av fordi saka kunne vore stoppa då. 

I staden vart det invitert til eit folkemøte, der Handelsbygg fekk presentert planane sine. Stemninga blant dei 140 oppmøtte var relativt lunken. Medan nokre helsa etableringa velkomen, meinte andre Årdal burde bevarast som eit sentrumsnært grøntområde. Også moment som korleis dette ville påverke eksisterande handel vart eit viktig argument for begge sider. 

I november kom planen opp til endeleg handsaming i formannskapet. Temperaturen steig då den politiske avtalen vart eit tema. Ap stemte ja og fekk fleirtal fordi ein av Sp-representantane også sa ja. Opheim kalla det heile for eit «róte politisk spel». 

I dagane før kommunestyret hadde anonyme aksjonistar strikka halsar og festa på trea i parken. På nokre av halsane var beskjedar som «lat Hydroparken vere park» og «løftebrot er ikkje ok». 

Det er venta at byggjestart vert våren 2017 med ferdigstilling hausten same år. 

Til toppen