FØRJULSSTEMNING: På krambua og i dei andre bodene var det mogleg å kjøpa julepresangar og noko godt til ganen. Frå venstre: Oddlaug Hammer, Hedda Dahl-Tørnes, Anine Dahl-Tørnes, Tilde Dahl Tørnes, Malin Nornes og Veronica Tørnes.
FØRJULSSTEMNING: På krambua og i dei andre bodene var det mogleg å kjøpa julepresangar og noko godt til ganen. Frå venstre: Oddlaug Hammer, Hedda Dahl-Tørnes, Anine Dahl-Tørnes, Tilde Dahl Tørnes, Malin Nornes og Veronica Tørnes. (Halvor Farsund Storvik)

Her sel blånissemora godsaker til gjestene på førjulskvelden

– Nokre kvite løgner til ungane må vera lov i jula, seier nissemor sjølv.

Kaupanger: Onsdag var den første av to førjulskveldar på Sogn folkemuseum på Kaupanger. Folk koste seg med graut og spekemat, fekk køyra hest og slede til nissehuset, gå rundt juletreet og handla varer hos lokale handtverkarar.

– Det er ein kjempefin tradisjon me har kvart år. Det er kjempemoro for ungane, òg for oss vaksne, seier Veronica Tørnes, ein av gjestene.

Ho og ungane hadde nettopp vore inne og handla noko godt på krambua. Til dagleg er ho ein del av utstillinga på museet. Like utanfor stod juletreet pynta og i heile bygget kunne du kjenna lukta av nykokt julegraut.

HEST OG SLEDE: Risgrauten vart frakta til nissen med hest og slede.
HEST OG SLEDE: Risgrauten vart frakta til nissen med hest og slede.

– Sjølv om det regnar så får du julestemning når du kjem hit, seier Tørnes.

Dottera Anine har vore her kvart år sidan ho var bitte lita. Ho gleda seg mest til sjå nissen.

– Fordi han er nissen og fordi han er morsom, seier ho om kvifor det er høgdepunktet.

Då hadde ho nettopp møtt blånissemora, for ho hadde fått jobben med å stå bak disken i krambua.   

– Det er veldig koseleg og kjekt å fantasera litt, seier Oddlaug Hammer, som ho eigentleg heiter.

Til ungane fortel ho at det er nissane som har laga alt ho sel i butikken. Sjølv bur ho i blåfjell oppe i dalen og et berre blåbærpannekaker og blåbær.

– Nokre kvite løgner til ungane må vera lov i jula, seier ho

Til toppen