TRØBBEL PÅ GLATTA: Då fleire bilar fekk trøbbel på grunn av glatt veg og dårlege vinterdekk, valde  Tindevegen fredag å stenga for sesongen.
TRØBBEL PÅ GLATTA: Då fleire bilar fekk trøbbel på grunn av glatt veg og dårlege vinterdekk, valde Tindevegen fredag å stenga for sesongen. (Foto: Privat)

Her ser du grunnen til at dei stengte Tindevegen for vinteren

Over 43.000 har funne vegen over fjellet mellom Årdal og Luster i 2018. Det er rekord. Til slutt var det vanskelege køyretilhøve som tvinga dei ansvarlege til å setta punktum for sesongen.

Årdal: Fredag vart bommen seinka for siste gong i år.

– Det er på overtid samanlikna med det som er normalt. No er det skiftande køyretilhøve, og me må stadig vekk berga bilar som som ikkje er rett skodde. Då er det betre å stenga, seier Frank Eldegard i Tindevegen.

Tindevegen er ein fjellovergang mellom Turtagrø i Luster og Øvre Årdal. Høgste punkt er 1315 meter over havet. Stadig fleire har fått augene opp for den spektakulære køyreturen.

Ny trafikkrekord

STENGT: Tindevegen er stengt. Slik var utsikta mot Austabotntind tidlegare fredag. Foto: Tindevegen.no

Omtrent kvart år blir det sett trafikkrekord, og i år er ikkje noka unnatak. Over 43.000 passeringar vart det i bommen, mot 39.600 i fjor.

– Den har vore veldig bra. I august låg me 5000 føre rekorden i fjor. Me enda på 3500 pluss etter ein dårleg haust, seier Eldegard, som skuldar på vêret og steninga av Sognefjellet etter raset i Bøverdalen for dèt.

Han forklarar rekorden med det gode vêret i sommar, og at alt arbeidet som har blitt gjort for å gjera vegen kjend. No må me venta heilt til mai neste år før vegen opnar att. Normalt er vegen i drift frå 1. mai til slutten av oktober.

– Det er eksotisk å by på open veg i mai med høge brøytekantar. Det er litt oppleving i det òg, seier Eldegard.

Til toppen