JORDBÆR: Produsentane i Lærdal fekk denne veka hjelp frå bønder på Austlandet til å setje dei svære jordbærplantene i jorda. Foto: Lærdal Grønt. 
JORDBÆR: Produsentane i Lærdal fekk denne veka hjelp frå bønder på Austlandet til å setje dei svære jordbærplantene i jorda. Foto: Lærdal Grønt. 

Her set dei jordbærplantene i jorda 

Denne veka sette sette tre produsentar i Lærdal i gong prøveprosjektet som går ut på å planta eingongsplanter frå Nederland i jorda.  

Lærdal: Lærdal Grønt fekk hjelp av jordbærprodusentar frå Austlandet til å få sett plantene i jorda denne veka. 

– Dette er ikkje vanlege jordbærplanter, desse er mykje større og skal berre brukast for ei avling, seier Harald Blaaflat Mundal, leiar i Lærdal Grønt. 

Les også: Satsar på jordbærplanter frå Nederland

Tre produsentar 

Lærdal Grønt skal i år testa ut jordbærplante som vaks i fjor og har lege på kjøl i heile vinter. Tre produsentar har sagt ja til å ta del i prøveprosjektet og dyrke fram 15 tonn jordbær til sommaren. 

– Desse frå Austlandet har erfaring med å dyrke «ferdige» jordbærplanter. Me prøver oss på 15 tonn no i år, som er ganske lite, for å sjå korleis det går, seier Mundal. 

JORDBÆR: Denne veka sette produsentane i Lærdal dei første jordbærplantene i jorda.
JORDBÆR: Denne veka sette produsentane i Lærdal dei første jordbærplantene i jorda.

Må få ein god pris

Det er endå ikkje bestemt kva for kundar produsentane i Lærdal skal selja jordbæra til. Bama og Lerum er til dei to største kundane til Lærdal Grønt. 

– Me må få ein god pris på dei, eller så blir det for dyrt og vanskeleg. Dei som er villige til å betala, får kjøpt dei, seier Mundal. 

Jordbæra skal vere klare i slutten av juni. 

– Bæra skal seljast i butikken som friskt konsum. Eg veit ikkje om dei kjem til å bli seld her i Lærdal, det kjem an på kven som kjøper. Det blir nok litt for mykje til at det blir seld her, så dei vil nok gå til Bergen, seier Mundal. 

Bra vinter for morellene 

I år har våren kome litt seinare enn det ellers pleier å gjere. Det medføre at bløminga for morellene også kjem seinare enn det har gjort dei siste åra. 

Les også: Går for 100 millionar i omsetning innan 2020

– Det har vore ein bra vinter og vår. Jo lenger ein venta, jo mindre sannsynleg er det at nattefrosten teke morellene. Me er ikkje heilt i mål endå, men det er lov å håpa, seier Mundal. 

 

Til toppen