Lærdal: I dag skulle kommunestyret i Lærdal handsama den korrigerte sluttrekneskapen for prosjektet Berekraftig reiseliv. Pengane skulle brukast av Lærdal turlag til å merka og skilta turstiar i kommunen. Arbeidet vart utført i åra 2010 til 2014.
Kontrollutvalet har påvist at turlaget fekk utbetalt 210.000 kroner, utan at det vart gjort eit politisk vedtak om det.
– Midlane er nytta til det dei skal, men sluttrekneskapen må rettast for feil på inntektssida, sa rådmann Alf Olsen jr. då han orienterte i forkant av at saka vart handsama.
Jarle Offerdal, leiar i kontrollutvalet, kunne opplysa at det har skjedd fleire feil i administrasjonen. Mellom anna vart ikkje sluttrapporten til prosjektet arkivert i kommunen. I tillegg meiner han at internkontrollen burde ha stoppa den omstridde utbetalinga på 210.000 kroner til turlaget.
– Ikkje turlaget sin feil
Kristen Olav Grøttebø (Ap) tok til orde for at turlaget ikkje må straffast for feilen kommunen har gjort.
– Det er ikkje turlaget sin feil at saka har blitt slik. Dei har gjort ein fantastisk jobb og skal ha skryt for arbeidet med å merka turstiar. Det har blitt gjort feil i administrasjonen, som me må rydda opp i, sa han frå talarstolen.
– Eg ser på feila i saka som alvorlege, men meiner turlaget skal få behalda pengane, så framt dei lagar ein rapport som viser korleis pengane har blitt nytta. Eg håper me tek lærdom av denne saka og at ho no er slutt med dette, sa Grøttebø.
Han fremma eit endringsforslag, som betyr at Lærdal Turlag må laga ein rapport med rekneskap som dokumenterar kostnader til merking av turstiar for summen dei fekk utbetalt i 2015. Dei slepp med andre ord å betala tilbake dei 210.000 kronene.
Forslaget vart samrøystes vedteke, til applaus frå politikarane i salen.