FORHANDLINGAR: Dei to siste dagane har forhandlingsutvala frå Sogn og Fjordane og Hordaland diskutert og kome fram til ein intensjonsavtale om å slå saman dei to fylka. Foto: Noralv Distad.
FORHANDLINGAR: Dei to siste dagane har forhandlingsutvala frå Sogn og Fjordane og Hordaland diskutert og kome fram til ein intensjonsavtale om å slå saman dei to fylka. Foto: Noralv Distad.

Her signerer dei intensjonsplanen for «Vestlandet»

Sogn og Fjordane og Hordaland er blitt samde om ein intensjonsavtale for samanslåing av dei to fylka. No er det opp til fylkestinga å godkjenne planen.

Fylket: Etter to dagar med forhandlingar på Os, er intensjonsavtalen no signert av fylkesordførar Jenny Følling og fylkesvaraordførar Pål Kårbø i Hordaland.

Nynorsk skal vera administrasjonsspråk for det nye fylket og fylkesmannsembetet skal liggja i Sogn og Fjordane. Elles skal oppgåver og arbeidsplassar delast mellom dei to fylka.

– Me har hatt som utgangspunkt at Vestlandet skal organiserast slik at regionen samla kjem sterkare ut i eit godt samspel mellom distrikta og byområda. Det meiner me at me har lykkast med. Me har kome fram til ein balansert intensjonsplan, som tek i vare begge fylka. Me har anerkjent kvarandre og skilnadene mellom oss og laga ei organisering utifrå dette, seier Følling og Kårbø.

2. februar skal fylkestinget i Sogn og Fjordane ta stilling til planen. Dagen etter er det Hordaland sin tur. 

– Eg er spesielt nøgd med at me har fått til eit eige Sogn og Fjordane-fond, der også SFE-aksjane skal liggje, og at me får eit strategisk ansvar for den vidaregåande opplæringa i distrikta. Me er gode på opplæring i Sogn og Fjordane, og det skal me ta med oss vidare, slår Jenny Følling fast.

Slik skal det organiserast

Den politiske organisering av den nye regionen inneber eit regionting og eit regionutval, som erstattar dagens fylkesting og fylkesutval. Grunnstrukturen inkluderer også fire hovudutval – for næring, opplæring og idrett, samferdsle og kultur.

Møte i alle dei politiske organa vil i utgangspunktet bli haldne i Bergen, men det skal også finne stad årlege møte i dagens Sogn og Fjordane. Hovudutvala og regionutvalet skal vere fleksible og ha møte andre stadar i regionen for å halde oppe kontakten med lokalsamfunna.

Forhandlingane om ein ny Vestlandsregion starta allereie i haust, men Rogaland ville ikkje vere med vidare i forhandlingane og braut like før jul. Desse forhandlingane har no fungert som utgangspunkt for diskusjonane dei to siste dagane. Frå før skulle Sogn og Fjordane få ansvar for kultur og veg. 

Hordaland får det administrative ansvaret for opplæring og idrett og kollektivtransport. Næringssektoren vert delt i to, med to likestilte sektorleiarar med ansvar for kvart sitt av dagens fylke.

Sektorleiaren for opplæring skal sitje i Hordaland, men under leiaren vert plan- og strategiansvaret for sektoren delt i to. Hordaland får ansvaret for den vidaregåande opplæringa i bergensområdet, medan Sogn og Fjordane får tilsvarande ansvar for resten av regionen.

Intensjonsavtalen legg opp til tilsvarande deling av plan- og strategiansvar for kultursektoren og vegsektoren. Inndelinga her følgjer dei geografiske områda Sogn og Fjordane, bergensområdet og distrikta i Hordaland.

Set krav til staten

Vidare set forhandlingsutvala fleire krav til staten for å slå seg saman. Eit viktig vilkår er at den nye regionen får tilført nye statlege samfunnsoppgåver, samt at ein får behalde dei fylkeskommunane har i dag.

Ein anna føresetnad for samanslåing er at det faktisk vert ei regionreform, altså at tal folkevalde regionar vert om lag ti.

Dei to forhandlingsutvala legg også til grunn at fylkesmannsembetet skal leiast frå Sogn og Fjordane, med desentralisert forvaltning i begge dagens fylke. Dei legg også til grunn at det nye regionkontoret til NAV vert lagt til Bergen.

Eige Sogn og Fjordane-fond

Intensjonsplanen opnar for at Sogn og Fjordane kan eit eige investerings- og disposisjonsfond. Dersom fylkeskommunen vel å gjere dette, kan heile utbytet frå Fjord1-salet og det fylkeskommunen måtte ha av aksjeverdiar i SFE/SF Holding plasserast i dette fondet. Det samla fondsbeløpet kan ikkje overstige 1,5 milliardar kroner.

Fondet skal nyttast til særskilde investerings- og utviklingsprosjekt i Sogn og Fjordane og skal styrast av eit fondsstyre, med fleirtal av representantar frå Sogn og Fjordane.

Ein eventuell ny region vert ein realitet først frå 2020. Namnet på det nye fylket vert Vestlandet. 

Til toppen