SIGNERER INTENSJONSAVTALEN: Både ordføraren til Lærdal, Jan Geir Solheim (t.h, Sp) og Aurland-ordførar Noralv Distad (H) har akkurat signert intensjonsavtalen om interkommunalt samarbeid. Årdal-ordføraren Arild Ingar Lægreid (Ap) signerer han òg, og dimed er avtalen eit faktum.
SIGNERER INTENSJONSAVTALEN: Både ordføraren til Lærdal, Jan Geir Solheim (t.h, Sp) og Aurland-ordførar Noralv Distad (H) har akkurat signert intensjonsavtalen om interkommunalt samarbeid. Årdal-ordføraren Arild Ingar Lægreid (Ap) signerer han òg, og dimed er avtalen eit faktum. (Foto: Snorre Sandemose)

Her signerer dei tre ordførarane intensjonsavtalen om samarbeid

Måndag vart det halde sams formannskapsmøte på Årdalstangen mellom dei tre inste sognekommunane sør for fjorden. 

Aurland/Årdal/Lærdal: – Dette er ein god region å samarbeida i, og me har ei god samarbeidsånd no. Eg ser fram til å ta vidare fatt på denne planen om samarbeid, seier ordføraren i Aurland, Noralv Distad, til Porten.no like etter møtet. 

– Trur du det er dette som er den ideelle modellen for framtida her sør for fjorden i Indre Sogn? At de er tre ulike kommunar, men likevel samarbeider dykk i mellom?

Ja, eg synest at det er ein spennande modell. Aurland har valt å vera eigen kommune, og det skal me klara veldig godt. Me er ein solid kommune og skal klara å yta veldig gode tenester til innbyggjarane. Men samstundes har me sagt heile vegen at me kan ikkje løysa alle oppgåver åleine, svarar Distad. 

Det er alt velkjent at dei tre kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal skal slå seg saman til ein storkommune på nordsida av Sognefjorden.

Men sjølv om dei tre inste kommunane på sørsida har fått grønt lys til å halda fram kvar for seg, ynskjer dei like fullt å samarbeida. 

Begge dei to andre ordførarane sa det same til Porten.no som Distad: At det ideelle er å halda fram med å vera kvar sin kommune, men samarbeida på tvers innan fleire område enn tidlegare. 

PÅ BESØK: Ordføraren i Aurland, Noralv Distad var ein av to sogne-ordførarar som var på vitjing i kommunehuset i Årdal denne måndagen. Her er han framom fleire portrett av tidlegare Årdal-ordførarar.  Bilde: Snorre Sandemose

Ser fram til å ta fatt på den meir konkrete planleggjina av samarbeidet

Ordførarane Distad, Arild Ingar Lægreid (Årdal) og Jan Geir Solheim (Lærdal) har alt halde to møte seg i mellom der dei har diskutert korleis det interkommunale samarbeidet kan fungera, til felles gagn og nytte. 

Måndag vart samarbeidsintensjonen som ordførarane har skrive i fellesskap lagt fram for formannskapsrepresentane til dei tre kommunane. Ordførarane underteikna intensjonsavtalen i det møtet vart heva. 

– Eg tykkjer at me ordførarane har vore effektive, og formannskapet har ikkje vore mindre effektive i dag, seier Distad. 

Han er glad for at det lét til å vera so god stemning for samarbeid også blant møtelyden. 

– Representantane sa at her ligg det veldig mykje spennande, at det ligg store moglegheiter her og at me absolutt bør gå vidare med dette, held Aurland-ordføraren fram. 

Distad poengterer at somme i forsamlinga tok til orde for å samarbeida om endå meir enn det som står i dei tre ordførarane sitt utkast. Andre igjen åtvara om at det kan koma utfordringar undervegs. 

– Men no er me motiverte til å utvikla konkrete samarbeidsprosjekt, seier Distad. 

Det er opp til dei tre kommunestyra å endeleg godkjenna intensjonsavtalen til ordførarane. Deretter lyt kommunestyra koma til botnar i kva det skal samarbeidast om, og korleis dette samarbeidet skal gå føre seg. 

Til toppen