100-meter: Laurdag morgon sikta fleire av skyttarane seg inn for å skyta til seg ein best mogleg poengsum under Knipenborg sitt stemne. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
100-meter: Laurdag morgon sikta fleire av skyttarane seg inn for å skyta til seg ein best mogleg poengsum under Knipenborg sitt stemne. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Her siktar skyttarane seg inn mot blink

Sola skin, hørselvern er på plass og geværet er lada. I dag blir det smell i over 12 timar på Knipenborg si skytebane i Årdal. 

Årdal: Det er nest siste dagen for årets Lerum Cup i skyting. Formann for Knipenborg skyttarlag er kjempe nøgd med årets stemne. 

– No har me drive på sidan måndag, med pause 17. mai, seier formann, Robert Sandvik. 

Les også: 780 skyttarar har meldt sin ankomst

Så langt har mellom 350 og 400 skyttarar skote på bana som ligg mellom Øvre og Tangen i Årdal. 

Fem stemne = Lerum Cup

Formann i Knipenborg skyttarlag, Robert Sandvik.
Formann i Knipenborg skyttarlag, Robert Sandvik.

Denne veka har skyttarlaga frå Farnes, Knipenborg , Aurland, Leikanger og Sogndal hatt kvar sine stemne som tilsaman utgjere årets Lerum Cup. 

– Me samarbeida om spelemidlane me får frå Lerum, i tillegg har me eigne, lokale sponsorar. Dei fleste skyttarane som er med, deltek på alle fem stemna, seier Sandvik. 

Vinnarane vert kåra basert på den samla poengsummen dei får på alle dei ulike stemna denne veka. Det var påmeldt i underkant av 800 personar, men Sandvik reknar med at 700 deltok med tanke på hotellstreiken som har føregått den siste tida. 

– Me reknar med at 10 prosent ikkje møter opp, seier han. 

Noko for kvar ein alder

Kvar skyttar får 35 telleande skot på kvart stemne. Her er det om å gjera å treffa så mange 10-poengarar som mogleg. 

– Dei aller yngste skyttarane som me har er aspirantar og dei er mellom 10 og 16 år, forklarar Sandvik. 

KONSENTRERT: Her skyt dei frå 100-meteren på Knipenborg.
KONSENTRERT: Her skyt dei frå 100-meteren på Knipenborg.

Deretter kan ein sjølv bestemme om ein vil vera rekrutt (10-12 år), eldre rekrutt (13-14 år) eller junior (15-16 år). 

– Etter dette er det fem seniorklassar med inndeling etter kor god ein er. Det ein skyt eit år legg grunnlaget for kva klasse ein deltek i til neste år, forklarar Sandvik. 

Skyttarkongen på plass

Laurdag var bergensaren John Olav Ågotnes på plass på stemnet på Knipenborg. Ågotnes har i tillegg til kongetittelen i skyting, også prinsetittelen frå 1994, fire triumfar på Stang og to nordiske titlar på felt. No skyt han for Bergenslaget Sartor. 

Les også: Liv Signe stilte sporty opp i skyteduell

– I dag gjekk det ikkje så veldig bra. Balansen var for dårleg og eg klarde ikkje halda meg heilt i ro på den ståande delen av skytinga, seier han. 

På stemnet på Knipenborg fekk Ågotnes 338 poeng av 350 moglege. I morgontimane var han på Farnes og skal vidare til neste stemne etter han er ferdig her. I morgon ventar to rundar til. 

DÅRLEG DAG: John Olav Ågotnes fekk ikkje full pot under dagens skyting på Knipenborg.
DÅRLEG DAG: John Olav Ågotnes fekk ikkje full pot under dagens skyting på Knipenborg.

– Eg trur nok ikkje eg blir blant dei beste, det toget gjekk nok i dag. Men det kan tenkast at eg får til ein god plassering på eit enkeltstemne, seier mannen som har drive med skyting sidan han var seks år. 

– Lerum Cup har blitt eit konsept som skyttarar ønskjer å delta på. Det er eit positivt tiltak som eg har vore med på i fleire år, avsluttar han.

– Det er gøy når ein treff

Marius Granberg (12) var ein av dei yngste skyttarane som skaut på 100-meteren denne laurdagen. 

– Dette var det siste stemnet vårt denne veka. Eg følte skytinga i dag gjekk heilt greitt. Det beste med å drive med skyting er å treffe rett, seier han. 

Den unge skyttaren er i rekruttklassen og reiser med fire andre frå Fet skytterlag i Akershus. 

UNG: 12 år gamle Marius Granberg siktar seg inn mot blink.
UNG: 12 år gamle Marius Granberg siktar seg inn mot blink.

– Det har gått mykje betre enn det eg hadde trudd. Eg har fått sju til åtte poeng meir enn det eg har fått den siste tida, seier Granberg, som også var med på fjorårets stemne. 

Skyting tek mykje tid og Granberg brukar fleire timar på å øve i veka. 

– Me har faste treningar og mange stemner, seier han. 

Totalsummen til Granberg var på 1741 poeng under Lerum Cup. 

– Spennande med elektronikken 

Datasystema er lagt inn på ein slik måte at skyttarane kan sjekke kva den samla poengsummen deira er direkte etter at dei har skote. 

– Det er veldig spennande med denne typen elektronikk. Eg trur Lerum Cup er ein av dei einaste som har klart å samkøyra det så bra. Me har aldri hatt noko så stort før, seier Sandvik. 

FØLGE MED: Inne i huset kan familie og venner følgje med på korleis skyttarane gjere det.
FØLGE MED: Inne i huset kan familie og venner følgje med på korleis skyttarane gjere det.

I 2011 deltok 200 personar på Knipenborg sitt stemne, i år er det omlag 700 skyttarar som har teke turen. 

– Resultatsystemet er heilt unikt. Dei andre arrangørane i Noreg har ikkje fått til noko liknande. Agnitio har fått til eit system som er heilt topp, seier Sandvik. 

Vil omdøypa fjellet 

På 1800-talet heitte skyttarlaget i Årdal Jotunheimen fram til det var lagt ned. Då dei skulle starta opp igjen på 1900-talet var namnet Jotunheimen allereie teken av eit anna lag i Noreg. 

– Dei som då skulle starta opp igjen, såg seg rundt og fann eit fjell som den gong heitte Knipenborg. Difor fekk det nye skyttarlaget det namnet, seier Sandvik. 

I dag har det same fjellet namnet Raudbergnuten.

– Det skal no opp i kommunestyremøte for å få prøva å omdøypa fjellet til Knipenborg igjen, seier Sandvik. 

 

 

Til toppen