GYROTESTING: Tor Atle Mo og Torkjell Grimelid fangar laks som skal testast for fiskeparasitten Gyrodactylus salaris. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GYROTESTING: Tor Atle Mo og Torkjell Grimelid fangar laks som skal testast for fiskeparasitten Gyrodactylus salaris. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her sjekkar dei elva for den frykta lakseparasitten

Tor Atle Mo frå Veterinærinstituttet meiner lærdølene kan legga champagnen på is. 

Ljøsne: – Eg har veldig god tru på at dette er ferdig og at Lærdalselvi vert friskmeld neste år. Eg har sagt til dei at dei må legga champagnen på kjøl, smiler han.

Mo er seksjonsleiar i Veterinærinstituttet og kanskje den som veit mest om Gyrodactylus salaris, ein fiskeparasitt som vart påvist i Lærdalselvi i 1996. 

I to omgangar vart elva behandla med rotenon, i 1997 og 2005. Begge gongene utan hell. I 2011 og 2012 vart elva behandla med surt aluminium. Det ser ut til å fungere, og vert elva friskmeld neste år, er det ein verdssensasjon.

– Viss ho blir friskmeld, slik me trur, er ikkje dette gjort nokon annan stad i denne verda. Dette er ein norskutvikla metode basert på ein idé som ein forskar ved Universitetet i Oslo hadde, og som nokon av oss drog vidare, fortel Mo. 

Artikkelen held fram under biletet.

GOD TRU: Tor Atle Mo (t.h.) har god tru på at Lærdalselvi no skal bli friskmeld. Her puttar han den fanga fisken på sprit.
GOD TRU: Tor Atle Mo (t.h.) har god tru på at Lærdalselvi no skal bli friskmeld. Her puttar han den fanga fisken på sprit.

Testar to gonger i året

Onsdag og torsdag denne veka er han i Lærdal for å fanga laks som skal testast. Torkjell Grimelid er med som hjelpande hand. I løpet av desse to dagane går dei gjennom tjue faste stasjonar. Der fangar dei rundt ti fiskar som dei tar med seg til laboratoriumet. To gonger i året gjer dei dette. Neste gong er i oktober.

Dette er det fjerde året at elva er gyrofri. Det betyr at dersom ein ikkje finn spor etter parasitten i år og neste år, kan elva friskmeldast.

– Erfaringsmessig ville parasitten ha kome tilbake etter 2-3 år, og særleg her sidan aluminiumsmetoden ikkje drep fisken i motsetnad til rotenon. Det betyr at parasitten enkelt ville finne ein vertsfisk dersom parasitten var i elva, forklarar Mo.

Likevel kan det vere parasitt i elva ein bitteliten stad. Difor vil dei ikkje friskmelde elva før det har gått fem år. 

Et opp huda til fisken

Dei to vadar langs elvekanten. Med ein slags straumførande hov i eine handa og ein vanleg hov i andre handa, brukar dei elektrisitet til å lamme fisken. Med hoven løftar dei opp fisken og legg han i bøtta der han kviknar til att. Nokre augneblink seinare vert samtlege tekne livet av ved at ein fører straum gjennom vatnet i bøtta. Dette er ein human måte å ta livet av fisken på. 

Artikkelen held fram under biletet.

STRAUM: Ved hjelp av straum bedøver dei fisken, fangar han med hov og legg han ei bøtte. Deretter gir dei fisken ein overdose med straum for å ta livet av han.
STRAUM: Ved hjelp av straum bedøver dei fisken, fangar han med hov og legg han ei bøtte. Deretter gir dei fisken ein overdose med straum for å ta livet av han.

– Korleis angrip fiskeparasitten laksen?

– Enkelt sagt så et han opp huden til fisken slik at han dør. Ein kan samanlikna det med ei tredjegrads forbrenning på eit menneske, men at dette er over heile kroppen. Det som er så spesielt er at i Noreg angrip parasitten berre laks. Andre fiskeartar som brunaure kan vere infisert, men det er ikkje noko dødelegheit. Me klarar eigentleg ikkje å svara på kvifor, seier Mo.

Introdusert i elva

Av ein eller annan grunn har ikkje norsk laks ein forsvarsmekanisme som held dette i sjakk. For parasittar er det over alt i naturen. Det er ein evig kamp mellom verten og parasitten, men vanlegvis er nokonlunde balanse, der nokre få dør og dei fleste greier seg.

Det dei veit sikkert, er at parasitten er introdusert til norske vassdrag.

Artikkelen held fram under biletet.

HJELPER TIL: Torkjell Grimelid er med som hjelpande hand.
HJELPER TIL: Torkjell Grimelid er med som hjelpande hand.

– Og det er eit viktig poeng. Kjem det inn noko framand, er helvete laust. Då formerer det seg fritt utan den kampen som regulerer dette. 

– At Lærdalselvi har fått parasitten er ganske enkelt fordi nokon har flytta infisert fisk. Det er stort sett lakseungar som er flytta frå Sunndalsøra, men i dag kan me sjå kor parasitten kjem frå, så dei er ikkje årsak til alt. Det er ein litt spesiell type her i Lærdal som er til forveksling lik den som er i Drammen. Korleis den har kome seg over fjellet, veit me ikkje, held Mo fram.

Om ei vekes tid vil svaret frå prøvane vere klare. Forhåpentlegvis er det eit nytt positivt resultat for Lærdalselvi sin del

Til toppen