Øvre Årdal: Det seier Arne Håkon Laberg, dagleg leiar i Agnitio AS. Det er selskapet Agnemo AS, som har kjøpt det gamle bankbygget i Øvre Årdal etter at tidlegare eigar Jotunvegen 1 AS melde oppbod til Sogn tingrett. Laberg er styreleiar der med Eilert Olsen i styret.
– Tanken no er at me skal flytta ned dit sjølve. I tillegg skal Parata vere med ned dit også. Og så skal det byggjast to leiligheiter på toppen, fortel Laberg.
Bygget har husa fleire ulike bedrifter, men har i lengre tid stått tomt etter at mellom anna Garanti og Årdal Boligbyggelag flytta ut i 2014.
- Les også: Her er planane for Domus-bygget
Ifølgje Laberg ønskjer dei no å prøve ut å eige i staden for å leige. I dag held dei til over Kiwi på Vesida.
– Då får me liv i det bygget også. Det har vore mørkt i vindauge ganske lenge, og det er eit veldig fint og stilig bygg. Det er det ikkje tvil om. Det er nok attraktivt for oss å koma ned dit.