Sogndal: I dag vedtok kommunestyret i Sogndal at den nye sentrumsbarnehagen skal ligga lengst nord i Fosshagen og ikkje ved legesenteret som det lenge låg an til.

Kor den nye barnehagen skal koma har tidlegare vore ei heit potet i sogndalspolitikken, men denne gongen var det eit samla kommunestyre som landa på same konklusjonen.
– Det er eit veldig gledeleg punktum på ei sak som me har jobba med lenge. Det er kjekt at politikarane er samstemte, men ikkje minst at det er ei frivillig avståing, det vil seia at grunneigarane og administrasjonen har funne godt ut av det saman, seier varaordførar Laura Kvamme (Sp).
Kan trenga enno ny barnehage om berre få år
Det var Senterpartiet som føreslo at barnehagen skulle ligga i Fosshagen, med tilkomst frå legesenteret. Etter kvart vart det tydeleg at tilkomsten då ville bli for lang.
– Der har me først og fremst høyrt på brukarane av barnehagen og dei som jobbar der, som såg problemet med å gå 250 meter, kanskje med fleire ungar og bagasje, i sludd og regn, seier Kvamme.

Det er inga overdriving å seia at det er eit stort behov for ny barnehage i Sogndal. I dagens kommunestyremøte opplyste rådmannen at det er forventa at dei vil enda på 116 fødslar i 2017, noko som er på høgde med fjoråret. Held trenden fram vil kommunen trenge enno ein nye barnehage om berre fem år.
– Det berre stadfestar behovet. Det er få ting som er så hyggjelege å jobba med som å planlegga ein ny barnehage, men fødselstala gir samstundes krevjande tidslinjer for prosjektet, sa rådmann Jostein Aanestad.
Den nye barnehagen vil romma hundre ungar, kosta opp mot 50 millionar og skal etter planen opnast i august 2019.

Hastar å få gjennomført arkeologiske utgravingar
Det som gir størst fare for å sparka bein under tidskjemaet er dei arkeologiske utgravingane, som etter planen skal finna stad våren 2018. Dei førebelse undersøkingane til kommunen tyder på at det blir naudsynt å grava ut heile området.
– Me reknar med at me må grava ut og me reknar med at det er noko å finna der. Det som har vore viktig for kommunen, er at me har heimel til å vedta reguleringsplanen, noko kommunestyret gjorde i dag, før dei arkeologiske undersøkingane er gjennomført, seier rådmann Aanestad.
Fylkeskommunen har varsla motsegn og meiner kommunen må la arkeologane få grava ferdig, før reguleringsplanen vart vedteken. Det vil ikkje kommunen akseptera, då dei meiner motsegnet kom etter fristen var gått ut.
– Me reknar med at denne motsegna ikkje vil stå seg, seier rådmannen, som seier dei vil no vil gå i dialog med fylkeskommunen for å løyse floka.