ULUKKE: Ein buss køyrte av vegen på Eri i 2017.
ULUKKE: Ein buss køyrte av vegen på Eri i 2017. (Bilde: Privat)

Her skal det koma breiare veg

Etter fleire utforkøyringa på den smale vegen i Lærdal ønskjer vegvesenet å ta grep.

Lærdal: Statens vegvesen har i samarbeid med Lærdal kommune laga forslag til reguleringsplan for strekninga frå Nedre Eri til Håbakken.

Målet er at vegen skal bli tryggare, mellom anna ved å utvida vegbana til 7,5 meter og laga til ei såkalla forsterka midstoppmerking, ei slik som rumlar når du køyrer over ho.

PLANEN KLAR: Illustrasjonen er teke frå planen, og viser kva strekning som vil bli utbetra.  Foto: Skjermdump/Statens vegvesen

Breidda på vegen varierer i dag mellom 5,2 og 6,6 meter, og det er ikkje gul midtstripe.

Kan koma om få år

I reguleringsplanen står det at det har vore fleire ulykker med store køyretøy som har køyrt utfor vegen. Sist var i 2017, då ein buss hamna utanfor vegbana. Sidan år 2000 er det registrert to trafikkulykker, men ein lettare og ein alvorleg skadd.

Etter utbygging er det lagt til grunn ei fartsgrense på 80 kilometer i timen på strekninga, med unnatak av forbi eitt av tuna.

Prosjektet er planlagt gjennomført innan få år, og anleggstida er venta å vara under eitt år. I starten av mars vil Statens vegvesen og Lærdal kommune arrangera ope møte for å informera om planane og svara på spørsmål.

 
Til toppen