NY LADESTASJON: Tesla Motors Norway har fått grønt lys til å byggje ladestasjon like ved Håbakken Kafe, attmed  Statens vegvesen sin kontrollstasjon  i Lærdal.
NY LADESTASJON: Tesla Motors Norway har fått grønt lys til å byggje ladestasjon like ved Håbakken Kafe, attmed Statens vegvesen sin kontrollstasjon i Lærdal. (Foto: Arkiv)

Her skal det koma ladestasjon for Tesla

Tesla Motors Norway skal byggja ladestasjon i Lærdal.

Lærdal: Det vart bestemt førre veke etter saka var oppe i formannskapet.

PROSJEKT: Ladestasjonen skal ha plass til omlag 12 bilar. Det vil òg bli bygd ein ny nettstasjon eigd av Lærdal Energi. Foto: Lærdal kommune

Området som er ønskja til ny ladestasjon ligg på ein stor parkeringsplass nord for Håbakken kafè og like ved ein tidlegare etablert ladestasjon. 

Det nye prosjektet inneheld ladestasjonar, ny nettstasjon eigd av Lærdal Energi. 

– Eg tykkjer dette er eit miljøvenleg og positivt tiltak for Lærdal, sa ordførar Jan Geir Solheim til formannskapet. 

Tesla Motors skriv i sakspapira at Håbakken er ein naturleg etablering med tanke på miljøvenleg turisme, og at ladestasjonen vil bidra til at fleire nyttar el-bil i transportsektoren. 

HÅBAKKEN: Den nye ladestasjonen vil bli lagt bak Håbakken kafe. Foto: Lærdal kommune
Til toppen