HAR KJØPT LOKALET: Tess har kjøpt opp Tyinvegen 1 og flyttar inn rundt nyttår. I mellomtida har Bilfinger flytta ut og inn på mekanisk verkstad inne på Hydro sitt område. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HAR KJØPT LOKALET: Tess har kjøpt opp Tyinvegen 1 og flyttar inn rundt nyttår. I mellomtida har Bilfinger flytta ut og inn på mekanisk verkstad inne på Hydro sitt område. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her skal Tess flytte inn

Medan Bilfinger samlar seg under same tak inne på området til Hydro.

Årdal: Tess, som i dag held til på Årdalstangen, flyttar til Øvre Årdal. Rundt nyttår kjem dei til å vere på plass i nye lokale i Tyinvegen 1, der Bilfinger inntil nyleg heldt til. Sogn Avis fortalte om flyttinga først.

Til Porten.no seier dagleg leiar i Tess, Øyvind Brox, at flyttinga skuldast meir aktivitet i Øvre Årdal.

– Då me etablerte oss i Årdal, var det fleire bedrifter med planar om å etablere seg på Årdalstangen. Samstundes vart Dooria-fabrikken starta. Den er ikkje lenger i aktivitet, og dei som hadde planar, har i beste fall lagt dei på is. Difor ser me at det er meir aktivitet og meir passeleg at me ligg i Øvre, seier han.

– Har planar om å vere lenge i Årdal

Tess har kjøpt lokalet i Tyinvegen. Ifølgje Sogn Avis går noverande leigeavtale på Årdalstangen ut i februar neste år. 

– Det at me har kjøpt lokalet syner at me har planar om å vere lenge i Årdal. Me kjem til å starte rivingsarbeidet innvendig, og så ventar ein fase der me vil lage nytt interiør. Det skal bli veldig bra, seier Brox.

Tess er leverandør av tenester og produkt til drift og vedlikehold. Kjerneprodukta er slangar og slangearmatur til alle føremål, med tilhøyrende tenester. Brox håpar at den nye butikken vil stå klar rundt nyttår. 

Bilfinger flyttar inn på Hydro-området

Der ein skal inn, må også ein annan ut. Dei siste vekene har det vore hektisk flytteaktivitet på Bilfinger, som no kjem til å samle alle tenestene dei tilbyr under same tak på mekanisk verkstad inne på Hydro sitt område.

– Me har tidlegare vore på to plassar, men ser det som fordelaktig å vere samla under eitt tak, men me skal framleis levere til dei kundane me har hatt hittil, der me konsentrerer oss om industri, næringslivet forøvrig og privatmarknaden, seier dagleg leiar Dag Reidar Vik. 

– Kan det vere ein ulempe at de no bli mindre synlege?

– Me ser at det kan vere ei ulempe, men har gjort våre vurderingar og funne ut at det å samla miljøet vårt veg opp for det. Så må me sjølve sørge for å bli synlege på andre måtar.

Til toppen