NY FEIT SJEKK: Frå venstre: Kjell Inge Sanden, Jan Tore Stølen, Rune Bolstad, Johnny Skjerping, Harald Stadheim og Bjørn Øvstethun.
NY FEIT SJEKK: Frå venstre: Kjell Inge Sanden, Jan Tore Stølen, Rune Bolstad, Johnny Skjerping, Harald Stadheim og Bjørn Øvstethun. (Bilde: Pressefoto)

Her skriv veteranane ut ein ny feit sjekk til den aldersfastlagde fotballen

På 20 år har Lærdal veterancup delt ut til saman ein halv million til dei yngre fotballgenerasjonane i Sogn.

Lærdal: Til neste år feirar Lærdal veterancup 20 år, ei turnering som gjennom åra har samla avdanka stjerner frå lag som Rosenborg, Manchester United, samt gamle travarar frå mindre profilerte klubbar.

Veterancupen har òg spelt ei viktig rolle for dei yngre generasjonane. Kvart år har det dryssa pengar på aldersbestemte lag og i år går overskotet til Aurland, Lærdal og Jotun, 40.000.

– I løpet av dei 20 åra har me grovt rekna betalt ut over ein halv million i reine tildelingar og generert bortimot èin million viss me tek med kioskinntekter og bilettsal, som går rett til klubbane, seier Jan Tore Stølen, leiar i fotballgruppa i Lærdal idrettslag.

Han seier desse kronene har vore eit viktig bidrag til den aldersbestemte fotballen i alle desse åra.

– Pengane renn ikkje akkurat inn til klubbane, så det er klart det betyr mykje. Det er utruleg flott at det faktisk fell kronasje på kommande generasjonar, for skal me fortsette me dette så må ein utvikla ungdomane våre, seier Stølen.

I siste veka av januar neste år er det full rulle igjen med ny veterancup. I høve 20-årsjubileumet har dei sjølvsagt nokre ekstra overraskingar på lur.

– Me jobbar med å få hit nokon landslag, blant anna, men det er ikkje heilt spikra. Det norske landslaget er så vidt eg veit stadfesta og det blir jobba med å med fleire, seier Stølen. 

 
 
Til toppen