PROTEST: Over heile landet gjekk elevar til streik mot ein ny fråværsregel som blir innført til hausten. I Sogndal møtte mange opp for å markere sitt standpunkt.
PROTEST: Over heile landet gjekk elevar til streik mot ein ny fråværsregel som blir innført til hausten. I Sogndal møtte mange opp for å markere sitt standpunkt.

Her skulkar elevane i protest mot ny fråværsregel

– Me ønskjer å visa kunnskapsministeren at me tykkjer dette er ein dårleg idè, seier elevrådsrepresentant Tarjei Ø. Hamre frå Lærdal.

APELL: Tarjei Ø. Hamre, elevrådsrepresentant ved Sogndal vidaregåande skule, er skeptisk til fråværsregelen. I dag heldt han ein appell til streikande medelevar.
APELL: Tarjei Ø. Hamre, elevrådsrepresentant ved Sogndal vidaregåande skule, er skeptisk til fråværsregelen. I dag heldt han ein appell til streikande medelevar.

Sogndal: Til hausten vil elevar som skulkar møte nye og tøffare krav på vidaregåande skule. Er du vekke frå meir enn ti prosent av timane i eit fag, vil du ikkje få karakter i det faget.

Regelendringa har møtt stor motstand og i dag protesterte elevar over heile landet.

– Me trur fråværsregelen berre vil føre til at mange fleire droppar ut av skulen, seier Tarjei Ø. Hamre, som tek studiespesialisering på vidaregåande i Sogndal. 

Fryktar dei svakaste vil bli råka

Lista over kva som vert karakterisert som gyldig fråvær er kort. Alt gyldig fråvær må vere dokumentert, inkludert sjukdom. 

– Fastlegane kjem til å bli enno meir opptekne enn dei allereie er, sidan alle elevane kjem til å renne ned dørene deira når dei blir sjuke, spår Hamre.

ENGASJERT: Emilie Polbatrek frå Leikanger var ei av dei som skulka i protest. – Ei sjukt viktig sak, seier ho.
ENGASJERT: Emilie Polbatrek frå Leikanger var ei av dei som skulka i protest. – Ei sjukt viktig sak, seier ho.

Målet med den nye regelen er å få bukt med at elevar skulkar. Men Hamre fryktar det er dei svakaste elevane som vil bli råka.

– Eg er einig i at det er viktig å møta på skulen. Men eg meiner den nye fråværsgrensa er feil måte å gjera det på. Dei einaste som ikkje blir råka er dei som allereie er skuleflinke og møter opp kvar dag. Andre, som til dømes er utbrende på grunn av skulen, vil berre gje opp og finna seg ein jobb i staden, seier han.

Sjølv om enkelte av lærarane gav elevane fri, var dagens markering ikkje å rekne som gyldig fråvær. Symbolikken var med andre ord på plass. Emilia Polbatrek, som går andre året på helsefagarbeidar, tykkjer likevel det var verdt å stå opp for ei viktig sak.

– Folk må ofre litt for det, så eg tykkjer det er bra at såpass mange møtte opp, seier ho.

PROTESTVISE: Misnøyen mot den nye regelen vart markert med musikk og ein kort tale, før elevane vart oppfordra til å ta fri resten av dagen.
PROTESTVISE: Misnøyen mot den nye regelen vart markert med musikk og ein kort tale, før elevane vart oppfordra til å ta fri resten av dagen.

Ikkje alle er negative

Fleire elevar fortalde derimot at trusselen om fråvær var ein viktig grunn til at dei ikkje streika. Det har Polbatrek lite forståing for.

– Då tykkjer eg dei skal engasjere seg litt meir. Dette gjeld dei òg, det gjeld alle, seier ho.

FOR STRENGARE REGLAR: Ikkje alle elevane, som Trine Husdal frå Lærdal, er mot dei nye og strengare reglane.
FOR STRENGARE REGLAR: Ikkje alle elevane, som Trine Husdal frå Lærdal, er mot dei nye og strengare reglane.

Men ikkje alle elevane er like skeptiske til innføringa av fråværsregelen. Trine Husdal frå Lærdal er blant dei. Ho går andre året på Media og kommunikasjon og har ingenting imot eit strengare regime. 

– For min del kan det berre skje. Viss du ikkje har ein gyldig grunn for å ikkje møte opp på skulen, så bør det få konsekvensar, seier ho.

 

Til toppen