Sogndal: Tysdag kveld vedtok Høgre i Leikanger og Sogndal å slå seg saman til Sogndal Høgre. Balestrendingane var òg til stades på møtet og er venta å føya seg inn i rekkene om kort tid når det formelle er på plass.
I same slengen vart det vald eit nytt styre, der Gunhild Bøyum frå Kaupanger er leiar og Ove Ellingsen frå Sogndal er nestleiar.
– Dette tenkjer eg er viktig, spesielt når me nærmar oss eit nytt kommuneval. Då er det val til ny storkommune og det blir viktig at me har organisert oss i eit nytt høgrelag, seier Karin Vikane, gruppeleiar i «gamle» Sogndal Høgre, ei rolle ho framleis vil ha ei god stund enno.
For sjølv om dei to partia har fått felles styre, vil den politiske leiinga og rollene politikarane har i dei lokale politiske organa vera uendra fram til neste kommuneval i 2019. Det er dei administrative kreftene som no har blitt slått i hop. Ikkje minst vil det gjera det lettare å jobba samla inn mot neste valkamp, der politikarane frå alle dagens tre kommunar kjempar om dei same plassane i kommunestyret.
– Politisk leiing blir valt når me har konstituering etter nytt val. Fram til 1. januar 2020, når den nye storkommunen trer i verk, så skal me folkevalde følgja opp og handsama saker i våre lokale politiske organ på vanleg måte, seier Vikane.