EDLE DRÅPAR: Elevar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule testar saft av tindved som dei sjølve har laga. Men det blir ikkje så mykje av to kilo bær, så her var det berre snakk om ei spiseskei til kvar. Foto: Ole Ramshus Sælthun
EDLE DRÅPAR: Elevar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule testar saft av tindved som dei sjølve har laga. Men det blir ikkje så mykje av to kilo bær, så her var det berre snakk om ei spiseskei til kvar. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Her smakar dei på noko som truleg aldri er laga før her til lands

Eit heilt spesielt bær er vorte til saft, sirup og purè.

Aurland: – Elevane tykte det var fantastisk smak. Ein veit at bæra er veldig næringsrike og har mykje antioksidantar. Så somme sa: «Oj, det smakar nesten sanasol eller vitamindrikk». Safta er veldig konsentrert, har ein fantastisk farge og rik smak, seier Gry Tokvam, lærar i foredlingsfaget ved Sogn Jord- og Hagebruksskule.

I sommar skreiv Porten.no om Marco Neven i Lærdal, som har det største feltet med tindved i landet.

Les også: Dette er Noregs største felt med Tindved

I haust var Gry Tokvam sjølv med på å plukka bær på feltet til Neven. Det var ikkje berre-berre:

– Me plukka eit par kilo, og det tok lang tid. Me måtte plukka eitt og eitt bær, og så stikk dei veldig. Eg trur me brukte ein time på ein halv kilo.

Plukkinga blir enklare i dei komande åra når buskene har vakse såpass at greiner kan skjerast av, frysast ned, for så å rista av bæra.

Les også: Skal laga sin eigen festmiddag til 100-årsjubileumet

Les også: Jari kan boltra seg på flunkande nytt kjøken

– God basis for dessertar

Men dei to kiloane er utnytta godt - no har elevane til Tokvam laga saft, sirup og purè av bæra som vart plukka.

Artikkelen held fram under biletet

UNIKT: Det er ikkje kjent at tindvedsaft er laga her til lands før. Men elevane ved Sogn Jord- og Hagebruksskule har altså laga denne flaska av bær som dei som ligg i posane rundt.
UNIKT: Det er ikkje kjent at tindvedsaft er laga her til lands før. Men elevane ved Sogn Jord- og Hagebruksskule har altså laga denne flaska av bær som dei som ligg i posane rundt.

– Det er med tanke på å bruka dette vidare i dessertar. Safta, purèen og sirupen er god basis for diverse desserter - i kaker og slikt. Me skal testa ut meir framover. Det er ikkje ei stor forskingsgreie, men elevane tykkjer det er spennande med noko heilt nytt. Mellom anna føreslo dei yoghurt med sirup av tindved, seier Tokvam.

Og noko nytt er det verkeleg - produkt av tindved blir ikkje laga i Noreg som foredlingslæraren kjenner til. Ettersom bæret heller ikkje blir dyrka, er ikkje det så rart.

– Godt for ganen, helsa og auga

– Det er eit viltveksande bær frå trøndelagskysten og nordover. I Nord-Noreg ser dei på det som «sitt bær» ettersom det veks naturleg der, noko det ikkje gjer her i Sør-Noreg. Men i plantefelt kan ein altså dyrka tindved i sør. Og i Sverige får ein kjøpt saft av denne typen bær.

Les også: Livlege kje og sart mekring i geitefjøsen

Les også: Skal utvikla undervisningstilbodet med unik professorhjelp

Når og kor vidt produkt av tindved blir å få i butikkane, er umogleg å seia. Men Tokvam meiner bæret har potensiale

– Ein må prøva ut og tenkja korleis ein skal selja det. Me er nok ikkje komne der at det vil bli sal av det som ferskvare på ei stund. Men bringebær vart også seld som syltetøy og saft i mange år før det etter kvart kom som ferskvare. Så det er slik ein må tenkja; utvikla og foredla produkt av bæret så folk får smaken på det. Tindved er i alle høve godt for ganen, helsa og auga.

Til toppen