GANE FOR RAKFISK: Brita Einemo Zwart (t.h.) har vore dommar i rakfiskkonkurransen sidan starten i 1998, Henry Gram (t.v.) vart med etter eit par år. Kjell Olav Cock er det nyaste tilskotet i dommarpanelet med fire år på baken. Her får ungdommen ei innføring i kva rakfisk dreier seg om. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Her smakar dei seg fram til vinnaren under VM i rakfisk

Den 19. rakfiskfesten med tilhøyrande VM i raking gjekk av stabelen på Borgund laurdag kveld. Og dei to særdeles blide vinnarane hadde berre lagt rakfisk ei gong tidlegare.

Lærdal: – Her er ordentleg rakfisk, seier Brita Einemo Zwart.

– Du ser her at den er fin - den kan smørjast fint på flatbrød, seier Kjell Olav Cock.

Saman med Henry Gram utgjer dei to dommarpanelet som skal smaka seg fram til den beste rakfisken som er levert inn under årets rakfiskfest på Borgund. Fisk frå 19 deltakarar i sjølve meisterskapen er levert inn.

– Eg tykkjer nivået i år er bra. Halvparten er gode fiskar. Det som er annleis i år enn i fjor var at i fjor var det ein som peika seg veldig ut. I år er dei fem beste gode alle saman. Eigentleg dei ti beste var gode. Eller ni, seier hovuddommar Einemo Zwart.

– Dei kan tolast, legg Gram turt til.

Artikkelen held fram under biletet

LUKT: Anette Breistøl får kjenna korleis skikkeleg rakfisk skal lukta.
LUKT: Anette Breistøl får kjenna korleis skikkeleg rakfisk skal lukta.

– Sjeldan god smak om lukt og utsjånad ikkje er bra

For på bordet framfor dei står fem plastbeger med kvart sitt nummer på og ein god porsjon rakfisk i. Dei fem beste er plukka ut til ein gullfinale, medan dei fjorten andre har hamna i ei røys på eine enden av bordet.

– Når me svelgjer dei er dei godkjent, seier Einemo Zwart

– Har de tre i dommarpanelet ulik smak?

– Det er nesten skummelt at sjølv om me har kvar våre skjema er det mykje felles når me set saman poengsummane.

Hundre poeng frå kvar dommar er maksimalt, potensielt altså 300 poeng per fisk. Då er det vekta med 50 prosent på smak, 20 prosent kvar på lukt og utsjånad og 10 prosent på konsistens.

Med andre ord kan kvar dommar gje opptil 50 poeng på smak, som naturleg nok har mest å seia.

– Viss lukt og utsjånad er dårleg er det svært sjeldan at smaken er god, seier Einemo Zwart.

– Dette er veldig vanskeleg, altså

Ein favoritt byrjar å utkrystallisera seg blant dei fem. Berre ein siste runde med smaking no.

– Eg ligg litt høgt på seksten, for eg har åtti på den eg, altså, seier Henry Gram.

– Men det er ikkje noko i vegen for det, svarar Kjell Olav Cock.

– Nummer sytten sette eg ned to poeng på, og seksten går eg opp to poeng på, seier Einemo Zwart etter å ha smakt over ei gong til. 

Og i eit VM er det sjølvsagt stor presisje.

– Det er vandrepokal til vinnaren, og den må du vinna tre gonger for å få den til odel og eige. På pokalen står namna til alle som har vunne tidlegare. I 2015 gjekk den første vandrepokalen til Torfinn Skårheim under den syttande meisterskapen, forklarar Cock.

– Dette er veldig vanskeleg, altså, kommenterer Einemo Zwart med nasen nedi eine begeret.

Artikkelen held fram under biletet

SISTE TEST: Kjell Olav Cock tek ein siste runde med smaking for å føla seg sikker på kven han tykker er best.
SISTE TEST: Kjell Olav Cock tek ein siste runde med smaking for å føla seg sikker på kven han tykker er best.

– Ein god jordkjellar er tingen

Å laga rakfisk høyrest ikkje vanskeleg ut når Henry Gram forklarar framgangsmåten for to av dei som serverer gjestene under rakfiskfesten, som er ein tur innom dommarrommet.

– Ein legg fisken i ein butt med salt og så skal det liggja i visst mange veker.

Men ein skal treffa med temperatur, saltmengd og lagringstid. Pluss at det må vera prima råvarer og svært god hygiene.

– Å bruka kjøleskap og kjølerom er litt vanskeleg. Du får den ikkje skikkeleg i gang. Ein god jordkjellar er tingen, seier Cock.

Men den som står bak fisk nummer 11 har fått prosessen skikkeleg i gang.

– Han er ikkje salt, men rak. Me har bestemt oss, seier Einemo Zwart.

Artikkelen held fram under biletet

DEI FEM BESTE: Rakfisk nummer 11, 16, 17, 8 og 12 er dei fem beste, i den rekkjefølgja. Kva namn som skjular seg bak nummera veit på dette tidspunktet berre Stein Vidar Nemeth.
DEI FEM BESTE: Rakfisk nummer 11, 16, 17, 8 og 12 er dei fem beste, i den rekkjefølgja. Kva namn som skjular seg bak nummera veit på dette tidspunktet berre Stein Vidar Nemeth.

Då er spørsmålet kva namn som står ved fisk nummer 11 på lista til Stein Vidar Nemeth - ein av fem i arrangementskomiteen for rakfiskfesten og VM i rakfisk.

Ein annan er - sjølvsagt, må ein nesten seia - Jan Geir Solheim. No ordførar, men også den som langt på veg starta tradisjonen med rakfiskfest på Borgund.

– Følte me var mykje meir ekte

– Det vart til i 1998. Då opna puben. Eg hadde nett gått av som leiar i ungdomslaget og Torfinn Skårheim hadde teke over. Då fann me ut at me måtte få til eitt stort arrangement på puben. Det blei ein rakfiskfest. Om hausten, akkurat då Torfinn hadde lagt rakfisken sin, inviterte me Sogn Dagblad for å formidla at folk måtte hugsa å leggja rakfisk. Då heldt me sjølve festen før jul på puben. Eg meiner det kom 42 gjester og at det var ti fiskar til vurdering. Eg kom faktisk på andreplass.

Då åt også gjestene konkurransefisken.

– Det gjekk me vekk frå, for det er klart at det er varierande kvalitet på det som blir levert inn. No kjøper me fisken som blir servert gjestene, den kjem frå Valdres.

Festen har vakse og vorte flytta til januar. Dei siste åra har det vorte levert inn rundt tjue fiskar og 140 gjester møter opp kvart år. Påmeldinga blir alltid full. Såleis er lokalitetane utvida til å også omfatta Borgund samfunnshus.

– Me var tidleg ute. Valdres hadde akkurat byrja, så det var nok der me fekk ideen. Men me følte me var mykje meir ekte, og bestemte mellom anna at me berre skulle ha villfisk - ikkje oppdrettsfisk.

Solheim er kjent for eit visst konkurranseinstinkt, og det slo nok inn då rakfiskfesten på Borgund tok eit nytt steg.

– Så plutseleg oppdaga me, gitt, at dei hadde byrja med NM i rakfisk på Røros. Der stilte det sju deltakarar med fiskar, og her hadde me drive på i over ti år og vore rimeleg profesjonelle. Så tenkte me at tek dei NM, så tek me VM. Det er jo noko ein kan tolka som ein vil.

Han viser altså til V-en; «verds-», eller «vestlands-». Som du vil. Men:

– Det er ingen tvil om at dette er den største konkurransen for rakfisk i heile verda. Den skjer på Borgund kvart år, og dette er nittande året, understrekar Solheim.

Har levert rakfisk kvart einaste år

Ute i sjølve salen sit festdeltakarane og gaflar innpå rakfisk med høveleg attåt, både fast og flytande. Forfattar og tidlegare politikar Hallgrim Berg slår morosamheiter frå scena i sin konferansierrolle. Tre dommarar og Stein Vidar Nemeth - den einaste i verda på dette tidspunktet som veit kva namn det står ved fisk nummer 11 - går ned trappa.

Tida er inne.

– Når desse dommarane har kome fram til vinnaren, er det ikkje betre fisk - det er eg trygg på. For me har eit fantastisk poengsystem. Og det at folk har sterke meiningar no i kveld, etterpå her; det seier at denne heng høgt, seier Solheim og stryk inn i salen for å få med seg sjølve kåringa.

KVART ÅR: Geir Berge Øverland (t.v.) er røynd med rakfisk, her med Stein Vidar Nemeth i arrangementskomiteen.
KVART ÅR: Geir Berge Øverland (t.v.) er røynd med rakfisk, her med Stein Vidar Nemeth i arrangementskomiteen.

På scena er Stein Vidar Nemeth i gang. Femteplassen går til Anne Karin Brugrand - ho har vunne tidlegare. Fjerdeplassen går til Geir Berge Øverland. Han har også vunne tidlegare. Og:

– Eg er den einaste som har stilt med fisk kvart av dei nitten åra sidan oppstart, påpeikar han frå scena.

Så langt alt som det plar vera - dei same namna går att.

Ein glad årdøl og ein overraska borgynd

Nemeth fortel at no blir det alvor; no står det om diplomane og blomar. Han får opplyst av hovuddommar Einemo Zwart at tredjeplassen går til fisk nummer 17, som fekk 211 poeng.

– Det er då ein mann. Den personen heiter Johnny Bruheim.

Ein rimeleg umeritert årdøl, med andre ord.

Glad: Johnny Bruheim var svært nøgd med 3.plassen.
Glad: Johnny Bruheim var svært nøgd med 3.plassen.

I neste sekund ein svært glad årdøl.

Bruheim får blomekvasten, diplomen, strekkjer ei hand i vêret og avslører at fisk nummer 17 kjem frå Kyrkjevatnet.

– Dette vatnet skulle det ha vore fiska mykje, mykje meir i. Så det er berre å koma, seier Bruheim.

Så var det andreplassen. 

– No byrjar det å spissa seg til her, seier Nemeth.

224 poeng. Fisk nummer 16.

– Det er gøy, då. Naboen min, faktisk. Kåre Rudningen, opplyser Nemeth.

OVERRASKA: Kåre Rudningen meinte han hadde levert betre fisk før, utan å få premie - men 2.plass vart det.
OVERRASKA: Kåre Rudningen meinte han hadde levert betre fisk før, utan å få premie - men 2.plass vart det.

Rudningen kjem fram og får spørsmålet om kvar fisken er fiska. Etter å ha gjort seg litt vanskeleg, blir det klart at fisken kjem frå Tyin. 

– Om lag slik var det, seier Rudningen, før han legg til:

– Men eg byrjar å lura på desse dommarane. Eg har vore med før - med betre fisk enn i år, meiner eg. Men eg har aldri fått premie.

Ein ny umeritert pallplass, med andre ord.

– Følest som eg har vunne OL i noko

Då må no i alle fall førsteplassen vera ein tidlegare vinnar. «Skårheim», kjem det frå ein i publikum. Torfinn, trippelvinnaren. Eventuelt broren, Ole Magne, som også har vunne før.

– The winner is. 251 poeng. Fisk nummer elleve, seier Einemo Zwart.

– Det er ganske gøy. For denne personen har ikkje vore på scena før. Ny deltakar, trur eg. Har kanskje vore med ei gong, men ikkje nådd opp. Og det er min glede å seia Linda Uglenes Maristuen.

Jubel og klapping. 

– Så må eg seia ein ting til. Hanne Ødegård var også med på fisken. Dei har fiska og lagt den ned saman, legg Nemeth til.

To særdeles nøgde damer kjem på scena. Dei får den store pokalen og kompletterer ein noko uventa pall.

– Dette er ein stor siger for oss. Eg føler som eg har vunne OL i noko, seier Ødegård.

– Ja, det er jo VM, svarar Uglenes Maristuen.

Artikkelen held fram under biletet

VINNARAR: Linda Uglenes Maristuen med vandrepokalen som beviser at ho og Hanne Ødegård vart VM-vinnarar i rakfisk 2017.
VINNARAR: Linda Uglenes Maristuen med vandrepokalen som beviser at ho og Hanne Ødegård vart VM-vinnarar i rakfisk 2017.

Sigersdikt

For, dei to damene har lagt si sjel i ferda mot VM-vinnarar.

– Me tok kvarandre i hendene her oppe på denne festen for to år sidan - dette skulle me klara. Men så i fjor vart det jo ingen premie, trass i at me hadde skrive vinnartale. Det som er, er at eg har snakka med alle tidlegare vinnarar - dei har sagt; «de må gjera sånn og sånn». Så har eg gått heim og skrive ned alt. Og me har gjort litt av alt me vart tipsa om, seier Uglenes Maristuen.

– Me fekk ein fisk i Sulevatnet som var så fin, knallraud i kjøtet. Ja, no høyrest me ut som nokre skikkelege fiskekjerringar, då men. I fjor gjekk me ganske høgt ut, men i år har taktikken vore annleis, forklarar Ødegård.

– Ja, i år vart me einige om å ikkje seia til nokon at me hadde lagt fisk. Ein eg jobba med sa at det var ein grunn til at me ikkje vann, og det var at me skraut så fælt i fjor, legg Uglenes Maristuen til. 

– Kva gjorde de annleis i år?

– Mindre salt. Og dei tre første døgna hadde me den for kaldt i fjor, så i år stod den i noko høgare temperatur, seier Ødegård.

– Og me har ei eiga bok alt blir skrive ned i. «Rakfisk Linda og Hanne». Og me har gjort alt sjølve, berre så det er klart. Ja, ikkje køyrt båten, det er eg ikkje så god til. Mennene våre var med på fisketuren, men hjelpte berre med å setja garnet og køyra båten, smilar Uglenes Maristuen.

Dei hadde også skrive dikt dei hadde planlagt å framføra frå scena - viss dei vann. Ettersom det vart utegløymd i oppstyret, trykkjer me det her på Porten.no:

«To damer møttest på ein fest, dei fann fort ut at dette vil me kunne best! Me tok kvarandre i hender og avtalte i lag, at til neste år er det våre kvinnehender som trommar saman til rakfisklag.

Til fjells vi traska, vi to - og mykje fisk opp vi dro`. Vi sløya og raka. Vi laga fisken, og det vart ein skikkeleg lekkerbisken.»

Til toppen