18 ÅR: Sist desse fire, originalmedlema i Lava, stod på scena ilag var for 18 år sidan. Det kunne ein knapt merke då dei spelte på lanseringskonserten til boka «Rockebolet». Foto: Truls Grane Sylvarnes.
18 ÅR: Sist desse fire, originalmedlema i Lava, stod på scena ilag var for 18 år sidan. Det kunne ein knapt merke då dei spelte på lanseringskonserten til boka «Rockebolet». Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her spelar Lava saman for første gong på 18 år

Ein må heilt tilbake til 1997 sist gong alle fire originalmedlema i Lava stod på scena saman.

Årdal: Torsdag kveld spelte dei nok ein gong saman igjen, slik dei gjorde mange gonger frå bandet starta opp i 1977 på initiativ frå Per Hillestad på trommer og gitarist Svein Dag Hauge.

Høvet var naturlegvis boklanseringa til Hugin Musikkforum og forfattar Jan Egil Fimreite, som har skrive bok om musikkmiljøet i Årdal. Både gamle og unge entra scena denne kvelden, men til slutt kom altså det alle hadde venta på; originalmedlema i Lava.

– Det er veldig hyggeleg. Det er rart å gjera det også. Det er hyggeleg å sjå gutane att. Stein (Eriksen journ.anm.) ser me jo aldri, seier Hauge.

Måtte overtaling til

Dei tre nemnde i tillegg til Kjell Hestetun er samla backstage etter å ha spelt tre songar som vart mottekne med ståande applaus frå eit fullsett kulturhus i Øvre Årdal. 

Les også: Slik vart rockebolet i Årdal heidra

Det var ikkje gitt at desse skulle stå på scena ilag. Som Terje Svori, leiar i Hugin, og forfattar Fimreite fortalte tidlegare denne veka, både det litt jobbing til for å få spesielt Eriksen til å stille opp. 

Artikkelen held fram under biletet.

GOD KJEMI: Sjølv om det var 18 år sidan sist låt det veldig bra då Lava igjen stod på scena att. Kjell Hestetun gjer det han kan best på bass.
GOD KJEMI: Sjølv om det var 18 år sidan sist låt det veldig bra då Lava igjen stod på scena att. Kjell Hestetun gjer det han kan best på bass.

– Ja, dei måtte slite litt. Me har jo ikkje spelt saman sidan 1997, og eg har ikkje spelt med nokon sidan 1997. Av den grunn skal det litt meir til for å få meg ut på isen, men eg lot meg overtale sidan det blei fortalt at dette skulle me gjera for moro og for ei god sak, fortel Eriksen. 

God kjemi

Ut frå den ståande applausen og ikkje minst nydelege musikken å dømma, kan det verke som at kjemien framleis lever i beste velgåande. 

– Ja, me har jo spelt saman ein gong. Eg og Per spelar jo saman rett som det er. Det er morosamt å spela dei låtane ein ikkje spelar med nokon andre. «Journey» har jo me spelt litt, men dei to andre er jo berre våre låtar, seier Hauge.

– Det gjorde at me måtte konsentrera oss når me først gjekk ut på scena. Me har rutine å flyta på, men ein må skjerpa seg, og eg trur me var ganske skjerpa, legg Eriksen til.

Roser musikkmiljøet i Årdal

Dei fire gav i 1980 ut albumet «Lava» saman. Etter det forlot Hestetun og Eriksen bandet, som har gjort stor suksess også i ettertid. Og sidan nettopp musikkmiljøet i Årdal var i fokus denne dagen – kva har det gjort med dei som musikarar?

Artikkelen held fram under biletet.

SMELTEDIGEL: Det er ikkje alle lokalsamfunn som får si eiga rockebok skrive om seg på grunn av det spesielle musikkmiljøet. Det viser kva for ei smeltedigel Årdal er, seier Svein Dag Hauge.
SMELTEDIGEL: Det er ikkje alle lokalsamfunn som får si eiga rockebok skrive om seg på grunn av det spesielle musikkmiljøet. Det viser kva for ei smeltedigel Årdal er, seier Svein Dag Hauge.

– Eg synest det er heilt fantastisk. Det viser kva for ein musikksmeltedigel Årdal er. 

Les også: Sjå bileta frå heiderskvelden

– Ja, du høyrer det på tittelen på boka. «Rockebolet», supplerer Hestetun.

– Eg trur nok storperioden var etter at Lava starta i 77 og ei stund inn på 80-talet. No er det byrja å ta seg opp att heldigvis, og det trur eg Hugin har mykje av æra for, legg han til. 

Ein pionér

Han har også halde fram med musikken og jobba med diverse prosjekt opp gjennom åra. Prosjektet han no jobbar med vart lagt på is, men ifølgje Hestetun sjølv ser det ut til at det kjem i gong att. Han meiner han har hatt eit stort utbytte av Lava-tida og fortel at han har treft dei ofte i tida etter.

Hauge kom til Årdal og var her i eitt år, der han jobba som lærar. Det var då han traff resten av gjengen. 

– Eg traff desse og byrja å spela. Det miljøet som var her gjorde eg bruk av for å seia det slik. Dei var kjempetalent, og det er musikkmiljøet som er årsaka til det. 

Då skyt Eriksen inn.

– Spørsmålet bør omformulerast i retning av kva bidrag Svein Dag har vore for at dette miljøet skulle utvikla seg. Han var ein pionerane som var med å grunnla dette miljøet. Det er vel kanskje det han ville svart om han ikkje var for beskjeden til det, smiler Eriksen.

Snart 40 årsjubileum

Kjemien er så absolutt god, og så må ein nesten nytte sjansen til å stille det mest opplagte spørsmålet. Har dei tenkt på å gjera dette oftare? Hauge svarar.

– Nei, me har vel ikkje tenkt på det. Sidan Stein er økonom, eller kva er du jobbar som? 

Artikkelen held fram under biletet.

SPELA SAMAN ATT? Spørsmålet måtte koma, men det var ikkje noko dei hadde tenkt på. Men om to år er det 40 år sidan starten, og då kan det henda Per Hillestad samlar troppane att.
SPELA SAMAN ATT? Spørsmålet måtte koma, men det var ikkje noko dei hadde tenkt på. Men om to år er det 40 år sidan starten, og då kan det henda Per Hillestad samlar troppane att.

– Eg er automatikar, ler Eriksen.

– Ja, det er ikkje dette han gjer, men det er kjekt med ein sånn one off-greie. Per og eg spelar i bandet som utvikla seg frå Lava, men det er hyggeleg å gjere dette. Dette er ikkje starten på ein turné, smiler Hauge. 

Men at det var mange som sette pris på å sjå dei fire i aksjon att for første gong på 18 år, er det ingen tvil om. Om to år er 40 år sidan starten. Kanskje spelar dei ilag att då. 

 

Til toppen