Årdalstangen: Den relativt fersker løpet var 200 meter lengre enn fjorårets utgåve, som var første gongen løpet gjekk av stabelen. Tangen på kanten går av stabelen samstundes som Fjord til fjell-festivalen på Årdalstangen. Løparane hadde difor bra støtte inn mot målstreken.
Trass nokre meter ekstra å springe på toppen av Tippen, klarte Walaker seg godt i løypa og slo fjorårets løypetid med over minuttet. Laurdag sprang han i mål på tida 25.14. Det er eitt minutt og elleve sekund raskare enn tida til Eirik Hovland frå 2016.
– Det var artigt å vere med på dette løpet, og det var gøy å springe mot Roy Olsen og Hallvard Seim Lysne. Det første gongen eg er med på dette løpet, seier Walaker sjølv etter målgang.
Artikkelen held fram under biletet.

Hakket kvassare
Dei to rivalane hans kom i mål på tidene 25.53 og 26.08 for høvesvis Olsen og Seim Lysne.
– Han er hakket kvassare enn meg. Han er gamal, så han har fått trent mykje lenger enn meg. I løp er det slik at ein berre blir seigare med åra, seier Olsen lurt.
Artikkelen held fram under biletet.

Trass i litt lengre løype dette året, er dei to nøgde med profilen, der det går både litt oppover og litt nedover. Saman med Seim Lysne er dei tre no dei einaste som har delteke på to av tre løp i HMR-trippelen så langt.
Midtun best på kvinnesida
Det betyr at kampen om samanlagtsigeren vert avgjort når dei tre står på startstreken på det nye løpet Hydro Rundt i september.
Artikkelen held fram under biletet.

– Det blir kniving dette her. Det er såpass korte løp slik at avstandane blir ikkje så store, seier Olsen.
På kvinnesida var det Ann Kristin Midtun som stakk av med sigeren. Ho sprang på tida 33.22. Anita Neset blei nummer to med tida 34.37, medan Annbjørg Dalheim tok tredjeplassen med tida 35.40.
