Årdal: Årdal - Førde 2: 4-0
– Me har vel 25 sjansar, det er eg ikkje i tvil om. Så no skal me finna ut til neste kamp kvifor me ikkje scorar fleire, seier trenar Ivan Øy.
Førsteomgang ebba ut utan mål, men med ein mann mindre på bortelaget – Førde 2 fekk ein spelar utvist tidleg i kampen.
– Truls (Hovland, journ anm.) blir teken og førdespelaren er sistemann, så den er grei. Då legg dei seg bakpå og er heilt klart prega av det, seier Øy.

Måla kom – etter kvart
Men 55 minuttar gjekk utan mål; då var det også same Hovland som opna scoringsballet.
For, sjansesløseri til trass – måla kom etter kvart som perler på ei snor. Ole Gunnar Kjødnes fekk ballen inne i boksen frå Johnny Aspeseter Hagen og la ballen pent innunder tverrliggjaren eit lite kvarter før slutt.
Så slo Christian Stedje ein strøken corner som Aspeseter Hagen dundra inn med pannebrasken fem minuttar seinare. Og eitt minutt før full tid var det igjen Stedje som hadde målgjevande då Endre Kauppi Straumsheim sette ballen i blank kasse.
– Eg trur aldri eg har sett så masse sjansar blir sløst vekk. Du ser dei mistar trua på seg sjølve til å setja ballen i mål, seier Øy.

– Kunne ha vore tre gonger så mykje
– Dei sette fire, då?
– Dei sette fire, men det kunne ha vore tre gonger så mykje. Men me skal ta med oss det, så har me ein spennande kamp neste måndag. Me må jobba inn mot den. Då skal me øva på å scora mål.
Det er bortekamp mot Sogndal 2, som ligg på 2. plass på tabellen i Kretsligaen. Årdal klatra med dagens siger opp til 3. plass og 32 poeng – fire poeng bak Sogndal 2, som også har ein kamp mindre spelt. Det same gjeld Stryn på topp med 38 poeng og Florø 2 på 4. plass med 31 poeng.

– Opprykkshåpet lever, eller?
– Nja – me er jo med. Men me er avhengige av at andre går på ei blemme og at me vinn mot laga som står att, seier Øy.