LANG FARTSTID: Jan Steinar Hole (f.v.), Søren Ørbeck Mo, Gunnleif Haugen og Magne Grøttebø starta alle å jobba i Lærdal kommune i 1991. Foto: Ole Ramshus Sælthun
LANG FARTSTID: Jan Steinar Hole (f.v.), Søren Ørbeck Mo, Gunnleif Haugen og Magne Grøttebø starta alle å jobba i Lærdal kommune i 1991. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Her står 100 årsverk

Fire karar fekk kvar sin sjekk for lang og tru teneste i Lærdal kommune under kommunestyremøtet torsdag. 

Jan Steinar Hole

Lærdal: Jan Steinar Hole er leiar i Fagforbundet i Lærdal, men har hatt fleire stillingar i kommunen gjennom 25 år - mellom anna som tømrar og snikkar i uteseksjonen og vaktmeister. For dette vart han omtala i rosande ordelag av rådmann Alf Olsen jr. i kommunestyremøtet torsdag og fekk ein sjekk på 1500 kroner:

– Frå sjette juni 2012 har du vore fagforeiningspamp fulltid. Rådmannen og administrasjonen opplever deg som ein rolig og sindig forhandlar, og ein som tek medlemmane sine på alvor, sa Olsen jr.

Søren Ørbech MoSøren Ørbeck Mo er no Oppsynsmann på tekniske tenester, men også han har vore vaktmeister i sitt virke for kommunen.

– Du er kommunalsjefen si høgre hand og organiserer all drift på uteseksjonen. Du har ein uvurderleg kunnskap om drift og vedlikehald av alle kommunale annlegg og bygg og du har tittelen oppsynsmann med rette. Takk for god innsats i 25 år, så rådmann Olsen jr.

Gunnleif Haugen var tredjemann opp til rådmann og ordførar - han har vore handverkar og fagarbeidar, er no driftsoperatør på Gunnleif Haugentekniske tenester, har heile vegen vore med i brannkorpset og kan i følgje rådmannen alt som er verdt å vita om vatn og avløp.

– Du er pliktoppfyllande. Du er ein god diskusjonspartner, og det vert sett stor pris på at du er direkte og tydeleg, sa rådmann Olsen jr.

Magne GrøttebøMagne Grøttebø fekk også sjekk - han er leiar for kulturkontoret og kulturskulelektor. Rådmannen nemnde at Grøttebø har gjort ein svært stor innsats for kultursektoren i kommunen, og dessutan har eit smittande humør.

– Du er etter kvart blitt «Mister Kultur» i Lærdal, Magne. Du har hand om det meste; frå ein velfungerande kulturskule til historiske vegar og plutselege, spennande konsertar, sa rådmann Olsen jr.

I tillegg til sjekken fekk dei jubilerande påspandert middag på Kort & Godt.    

Til toppen