VENTAR PÅ IDOLA: Martine Skjerven (12), Elise Stein Stølen (14) og Andrea Stein (12) står i kø og ventar på tenåringsidola Marcus og Martinus. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VENTAR PÅ IDOLA: Martine Skjerven (12), Elise Stein Stølen (14) og Andrea Stein (12) står i kø og ventar på tenåringsidola Marcus og Martinus. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her står dei og ventar på idola sine

Køen har allereie byrja å bli lang for Marcus og Martinus.

Årdalstangen: Det er definitivt Beatles-tendensar på Årdalstangen onsdag ettermiddag. Det er over tre timar att til tenåringsidola Marcus og Martinus entrar scena, men køen har allereie byrja å bli lang.

Sjølv med ein litt sur vind, er stemninga i køen god. Martine Skjerven (12), Elise Stein Stølen (14) og Andrea Stein (12) har allereie stått ein time då Porten.no snakkar med dei.

– Me er klare for å høyre på Marcus og Martinus. Dei er kule, seier Elise. 

– Er dei verdt å vente så lenge på?

– Ja, svarar dei unisont.

Artikkelen held fram under biletet.

KØ: Slik såg køen ut tre timar før konserten startar.
KØ: Slik såg køen ut tre timar før konserten startar.

Konserten, som er den einaste tvillingduoen skal ha i denne delen av landet i sommar, er utseld for lengst. Over 3500 menneske er venta til Årdalstangen i dag. 

På ferjesambandet Fodnes-Mannheller vert det meldt om enorm trafikk med konsertklare unge. 

Jentene Porten.no møter kjem heile vegen frå Hafslo og Fardal. Dei har allereie opplevd Marcus og Martinus på Norway Cup, men dette er første gongen dei er på konsert med dei.

– Me trur dette blir kjempebra, ei oppleving. Det kjem til å bli eit minne for livet, seier Martine. 

Jentene har teikna i ein M på kvar kjake i ansiktet. 

– Kvifor likar de Marcus og Martinus så godt?

– Dei er flinke å syngja, og så skriv dei gode songar. 

– Og så er dei litt kjekke også?

– Ja..., fniser dei. 

Til toppen