SAME SCENE: Karane i STUV spelte på storscena under Målrock torsdag. Seinare same kveld stod heltane i Dizzy Mizz Lizzy på same scena. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SAME SCENE: Karane i STUV spelte på storscena under Målrock torsdag. Seinare same kveld stod heltane i Dizzy Mizz Lizzy på same scena. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her står dei på same scene som heltane​

Karane i Stuv fekk stå på same scene som det danske bandet dei elskar.

Årdal: – Me har vore med og rigga scena for Dizzy, og det blir heilt enormt. Det er ei stor scene, seier vokalist i Stuv, Bjørn Havro.

Karane sit og drikk «smoothie», og det er berre eit par timar til dei sjølve skal stå på den same scena. Dette er musikarar med lang erfaring, så ei så stor scene har fleire av dei stått på før, men ikkje sjølve bandet Stuv.

Dette er også andre gongen bandet spelar på Målrock, som kvart år plar ha med nokre lokale innslag. Den gongen var det på ei betrakteleg mindre scene i Skåri.

Einaste i Noreg i år

Ekstra spesielt blir det denne gongen etter som det er sjølvaste Dizzy Mizz Lizzy som skal stå på den same scena seinare på kvelden. Dette er første gongen sidan 1994 at rockebandet besøker Noreg, og dette er den einaste konserten dei skal spele i landet i år. 

– Me gler oss veldig. Det er ganske spesielt, iallfall for desse tre som budde i øvingsrommet i Kjedlar'n i nokre år og har spelt gjennom det som er av Dizzy-låtar, seier Havro og peikar på Ørjan Lindborg, Tomas Styve og Frank-Runar Øren. 

Artikkelen held fram under biletet.

KAN LÅTANE UTANATT: Ørjan Lindborg og Tomas Styve har mange timar i øvingsrommet i ungdomsklubben Kjedlar'n, der dei har øvd på Dizzy Mizz Lizzy-låtar.
KAN LÅTANE UTANATT: Ørjan Lindborg og Tomas Styve har mange timar i øvingsrommet i ungdomsklubben Kjedlar'n, der dei har øvd på Dizzy Mizz Lizzy-låtar.

Det danske bandet vaks fram for alvor på byrjinga og midten av 90-talet, midt i ungdomstida til denne gjengen. Generelt har Årdal alltid vore kjend for eit godt musikkmiljø, og på den tida var det grunge, alternative rock og progrock som galdt. Dizzy Mizz Lizzy kunne ikkje ha tima det betre.

– Det er eit heilt enormt bra band, utruleg dyktige, og dei spelar veldig tøffe låtar. Dei peaka på 90-talet og var vekke i mange år før dei kom att, og no er dei like bra som den gongen, held Havro fram.

Spelar inn plate

At det er såpass mange fans akkurat her, på ein så liten plass, trur dei hadde litt å seie for at Målrock klarte å lande ein slik storfisk. 

Artikkelen held fram under videoen.

I desse tider har dei fått med seg Fredrik Haug Johansen til å spele inn nokre av låtane slik at dei etter kvart kan gi ut ei plate.

– Me har spelt inn fem låtar. Den andre låten er ferdigmiksa, men den får me ikkje gitt ut før Målrock. Me har ikkje sett nokon dato for når alt skal vera ferdig, men det blir vel ein gong på nyåret, fortel Havro.

– Ja, me er jo familiefolk, skyt Øren inn, og understrekar at dei er svært takksame for tolmodige koner som let dei drive på med det dei likar best. 

Til toppen