TOPPEN: Far og son, Jonny Øvrebø og Jesper Øvrebø på toppen av Europa.
TOPPEN: Far og son, Jonny Øvrebø og Jesper Øvrebø på toppen av Europa. (Foto: Privat )

Her står far og son på toppen av Europa

I midten av juni reiste far og son til Russland for å bestiga Europa sitt høgaste fjell, Mount Elbrus, som ligg 5642 meter over havet.

Luster: – Det var dritbra å stå på toppen, og me såg utover alle slags toppar. Det var veldig emosjonelt, pappa fekk ei tåre i augekroken til og med, smiler Jesper Øvrebø. 

MOUNT ELBRUS: Jesper Øvrebø på toppen av Europa. Foto: Privat

Han og faren, Jonny Øvrebø, har som mål å bestiga "Seven Summits" som er dei sju høgaste fjelltoppane på kvart av dei sju kontinenta. 

– I fjor gjekk me på Kilimanjaro. No har eg to av sju fjelltoppar i boks, og reknar med eg skal greia seks av sju før eg er 30 år, seier 22-åringen målbevisst.

Nådde toppen etter 11 dagar 

Ein så lang og krevjande tur er ikkje gjort på berre ein dag. 

PÅ TOPPEN: Den gjengen med norske fjellfolk nådde toppen på likt. Det hadde aldri guiden opplevd tidlegare. Foto: Privat

– Me overnatta på hotell på 1800 høgdemeter. Derifrå tok me sju akklimatiseringsturar. Det er viktig å akklimatisera deg og gå litt høgare kvar dag sånn at du er mest mogleg førebudd til toppstøtet. 

Etter 11 dagar med akklimatisering, trening, og førebuing i fjella nådde far og son endeleg målet. 

– Me kom ikkje opp før på dag 11 då det var dårleg vêr på dag 10. Då me starta toppstøtet var det 17 kuldegrader, men det var fantastisk opp toppen for då var det sol og klar himmel, fortel Jesper. 

Fekk høgdesjuka på Kilimanjaro 

Han tykkjer turen til Mount Elbrus var meir behageleg og kjekkare enn turen til Kilimanjaro. 

– Den turen var heilt forferdeleg og i vekene etterpå sa eg at eg aldri skulle gå på fjellet igjen. Kilimanjaro var tungt og me fekk begge høgdesjuka og blei ganske dårlege. 

Høgdesjuka oppstår grunna manglande tilpassing til det låge oksygentrykket i store høgder. 

– Du får ganske intens hovudverk og blir kvalm. Hovudet blir pressa og du kjenner eit høgt trykk. Dessutan blir du hundre gonger meir sliten så høgt oppe, for eit steg på 5000 meters høgde kjennest ut som 100 steg her nede, seier Jesper. 

– Alle kan greia ein sånn tur berre dei pressar seg 

Han har aldri hatt eit mål om å bestiga dei sju høgaste fjella før no nyleg. 

MOT TOPPEN: Toppstøtet har starta etter elleve dagar på tur. Foto: Privat

– Det er eigentleg veldig rart for eg hadde ikkje noko særleg lyst før januar i fjor. Då fekk eg melding frå pappa medan eg sat i førelesing. Han spurde om eg ville vera med på Kilimanjaro og eg sa berre ja. Sjølv om den turen var forferdeleg fekk eg meir lyst likevel.

Han låg i hardtrening før turen og kjenner seg no rusta til å ta fatt på dei siste fjelltoppane i åra som kjem. 

– Eg trena mykje og gjekk ned 20 kilo før Kilimanjaro. Men den fysiske forma er ikkje den viktigaste på sånne turar, det viktigaste er å pressa seg sjølv og å vera seig. 

Mount Everest er ein draum 

Likevel er verda sitt høgaste, og kanskje skumlaste, fjell eit fjernt mål enn så lenge. 

MOUNT ELBRUS: Opp hit, på toppen av Europa, gjekk Jesper Øvrebø og Jonny Øvrebø. Foto: Privat

– Eg trur eg blir ganske gammal før eg når Mount Everest. Eg har i alle fall lyst å nå basecamp, men det tek lang tid og er veldig dyrt, dessutan er det mange som aldri kjem attende. Men det er ganske sjukt då for det er ikkje mange som kan seia dei har vore på Mount Everest. Det er ein draum. 

Til toppen