SNØBRETT: Med truger opp og snøbrett nedatt gjorde Espen Stensvoll 1000-meteren i førre veke. Skjermdump frå videoen.
SNØBRETT: Med truger opp og snøbrett nedatt gjorde Espen Stensvoll 1000-meteren i førre veke. Skjermdump frå videoen.

Her står han på snøbrett ned 1000-meteren

– Ein artig tur, men kanskje ikkje noko for den med høgdeskrekk, seier Espen Stensvoll. Sjå video!

Årdal:– Me plar å gå tur der om sommaren og hausten, men ikkje på vinteren. No var det rett etter storm og det hadde lagt seg snø i vegen, seier Stensvoll.

Han er opphaveleg årdøl, men bur no i Bergen. Og førre veke tok Stensvoll altså trugene fatt og gjekk opp 1000-meteren. For så å stå på snøbrett nedatt.

Artikkelen held fram under videoen

– Det byrja å blåsa på toppen, så der var det for mykje snø, faktisk – ein såg ikkje att vegen. Men frå 800 meter over havet og ned var det ganske fint.

– Så du anbefalar andre å gjera dette?

NEDE: Espen Stensvoll etter den spektakulære snøbretturen. Skjermdump frå videoen
NEDE: Espen Stensvoll etter den spektakulære snøbretturen. Skjermdump frå videoen

– Ja, det var ein artig tur. Men kanskje ikkje viss ein har høgdeskrekk. Ein bør halda seg på vegen, elles blir det rett ned – det går ikkje. Vegen er brei, tre-fire meter, så den er fin å stå på.

Turen gjorde han åleine.

– Men viss nokon skal gjera det same, anbefalar eg å vera fleire. Sidan det er så bratt terreng rundt vegen.

Stensvoll er elles mykje heimatt for å gå toppturar og ta naturen i Årdal og Sogn i bruk:

– Eg reiser tilbake for å gå i fjella. Då plar eg bu hjå Kristoffer inne i Utladalen. 

Til toppen