HISTORISK: Avtalen ho held i hendene er andreutkastet til den historiske FN-avtalen som vil forby atomvåpen. Sigrid Heiberg har jobba som lobbyist, mellom anna for å få inn gode formuleringar i avtalen. Foto: privat.
HISTORISK: Avtalen ho held i hendene er andreutkastet til den historiske FN-avtalen som vil forby atomvåpen. Sigrid Heiberg har jobba som lobbyist, mellom anna for å få inn gode formuleringar i avtalen. Foto: privat.

Her står ho med utkastet til den historiske atomvåpenavtala

I dag blir eit forbod mot atomvåpen mest truleg vedteke i FN. Sigrid Heiberg frå Kaupanger har følgt den historiske hendinga frå orkesterplass.

Kaupanger/New York: Kaupingen er trygg på at avtalen går gjennom. I så fall meiner ho det er det største som har skjedd i kampen for nedrusting sidan den kalde krigen.

– Det er det siste, og aller verste, masseøydeleggingsvåpenet som no blir forbode. Det blir ein heilt historisk avtale, som forhåpentlegvis vil få reelle konsekvensar for atomnedrustinga i verda, seier Heiberg.

Les også: Sanka stemmer for Bernie Sanders: – Som å ta del i noko historisk​

– Me har vunne det første slaget

No er ho tilbake i Norge, men dei siste to vekene har ho vore i New York for å leie eitt av lobbyteama til ICAN, den internasjonale kampanjen som jobbar for nettopp å forby atomvåpen.

Sjølv om avtalen mest truleg går gjennom, betyr ikkje det at kampen er over.

– Me har vunne det første slaget. Men krigen er ikkje slutt, det er berre byrjinga, seier Heiberg.

Les også: Dei fekk Heikki Holmås i vervepremie

Ho meiner det berre er flaks at vi ikkje har hatt ei katastrofal hending dei siste åra. I dag rår ni land over atomvåpen, blant dei Kina, Russland, USA, Frankrike og Storbritannia. Totalt er det snakk om 15.000 stridshovud. Avtalen i seg sjølv gjer ikkje at desse forsvinn. Nedrustinga står framleis att.

– Når FN blei grunnlagt var den første byggesteinen at dei skulle jobba for ei verd fri for atomvåpen. Sytti år etter får ein endeleg stadfesta i folkeretten at det skal vera forbode. Det er eit viktig steg i rett retning, men nedrustinga vil kreva hardt arbeid, seier Heiberg.

Meiner Noreg må ta eit tydeleg standpunkt

Faren for terrorisme, cyberangrep og fornya spaningar i verda, eksemplifisert av Trump og Nord-Korea sitt fornya fiendskap, gjer at ho anser sjansane for atomvåpen blir brukt, anten med vilje eller ved eit uhell, er større no enn nokosinne. Eit synspunkt som i stor grad blir støtta av leiande forskarar på feltet.

– Me kan ikkje halda fram med å basera oss på flaks i framtida, seier Heiberg.

Avtalen vil først trå i kraft som internasjonal lov når femti statar har signert og ratifisert ho. Heiberg meiner land som Norge no må ta ein tydelegare leiarskap i kampen for nedrusting. Som medlem i NATO meiner ho vi er med på eit avskrekkingsregime der atombomba har spelt ei hovudrolle. 

– Dette atomvåpenforbodet er eit klart signal frå verdssamfunnet til alle land med atomvåpen, men òg til Norge, om at det me driv med ikkje er greit. Det er noko den nye regjeringa etter valet må forhalda seg til, seier Heiberg.

Til toppen