NY TID: Industrien går inn i ei ny tid der ein ny kvardag vil møta operatørane. Den framtida er Hydro i gang med å angripa allereie.
NY TID: Industrien går inn i ei ny tid der ein ny kvardag vil møta operatørane. Den framtida er Hydro i gang med å angripa allereie. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Her startar arbeidet med å byggja ein kompetansestrategi for Årdal

Hydro er allereie godt i gang med å angripe den fjerde industrielle revolusjonen. 

Årdal: Industri 4.0, eller den fjerde industrielle revolusjonen, skildrar ei utvikling der internett smeltar saman med produksjon og produktet. 

Fredag fortalte Hydro korleis dei har angripe dei nye utfordringane og korleis dei er avhengig av leverandørindustrien gjer det same. På arbeidsmøtet deltok fleire verksemder innanfor industrien i kommunen.

Bakteppet for møtet er undersøkinga som Årdal Utvikling gjennomførte då dei skulle lage den nye strategiske næringsplanen for kommunen i fjor. Der kom det tydeleg fram frå dei fleste bedriftene at kompetanse er noko ein bør satsa meir på. 

Treng god kompetanse

Målet no er å utarbeida ein kompetansestrategi som kan realisert i åra som kjem, der tanken er å styrka næringslivet i Årdal.

– Dette er noko Hydro er voldsomt interessert i. Forskingsmiljøet i Årdal er heilt avhengig av godt kompetente folk. Me rekrutterer ein del frå Trondheim, men for meg som jobbar meir inn mot automatisering og robotisering, så er me veldig avhengig av leverandørane, seier Ove Brun i Hydro.

– Det me ser, er at dette er forholdvis nytt for mange leverandørar, så me vil hjelpa til med å få opp kunnskapsnivået.

Ny kvardag for operatørane

Spørsmålet blir då korleis industrien og næringslivet i Årdal skal gripe tak i Industri 4.0 og korleis ein kan bygga miljø der innovasjon får blomstra, og der ein sikrar rekruttering.

– Så har ein utdannings- og skulebiten som kjem inn i biletet. Det er viktig at dei fokuserer på det nye innanfor automatisering og er dyktige på det. 

Her kan Årdal vidaregåande skule spela ei rolle.

– Me er nesten heilt avhengig av at skulane utdannar elevar som skjønnar den nye kvardagen operatørane møter, spesielt Årdal som ligg nær prosessindustrien, må tenkja på den, seier Brun.

Til toppen