FORHANDLAR OM STORKOMMUNE: Politikarar, rådmenn og tillitsvalde frå Sogndal, Balestrand og Leikanger var i går samla på Sogndal hotell for å stake ut kursen for den nye storkommunen.
FORHANDLAR OM STORKOMMUNE: Politikarar, rådmenn og tillitsvalde frå Sogndal, Balestrand og Leikanger var i går samla på Sogndal hotell for å stake ut kursen for den nye storkommunen.

Her startar den politiske drakampen

Dei neste tre vekene skal Balestrand, Sogndal og Leikanger forhandle om premissane for den nye storkommunen. Her er det dei må bli einige om.

Sogndal: Onsdag hadde arbeidsgruppa til dei tre kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal sitt første møte. Målet for dagen var å finne ut kva dei er usamde om, for så å dele seg opp i enno mindre grupper som skal forhandle seg fram til konsensus til neste møte 23. mai.

– Me har dårlig tid og det er veldig mykje arbeid som stor framfor oss, seier ordførar Jon Håkon Odd.

Det dei må bli einige om er mellom anna kor stort kommunestyret til den nye kommunen skal vere, kva kommunen skal heite, kva våpen han skal ha og kvar kommunesenteret skal vere. Ei anna heit politisk potet er representasjonen i fellesnemnda:

Les også: Han meiner kommunesenteret bør vere i Leikanger

Fellesnemnda får mykje ansvar

Fellesnemnd blir eit slags mellombels kommunestyre som skal meisle ut den nye kommunen fram mot 2020. Den siste oppgåva dei får blir å leggje fram forslag til budsjett og økonomiplan for den nye storkommunen hausten 2019. Med andre ord er det i fellesnemnda dei store og viktige sakene for den framtidige kommunen blir handama.

 

​Ifølgje lova bør fellesnemnda spegle innbyggjartalet i kommunane, altså bør Sogndal med sine 8000 innbyggjarar få fleire representantar i fellesnemnda enn Balestrand og Leikanger, som har dryge 3.500 innbyggjarar til saman. Likevel vippa stemninga i går i retning lik representasjon med fem medlemmar kvar.

– Viss me skal byggja noko i lag, så ønskjer ikkje me å vera den leiande parten, sa Karin Vikane frå Sogndal Høgre under diskusjonsrunden som følgde, og la til at det var naturleg at Sogndal fekk leiaren, eller ordføraren, med ei slik løysing.

Leikanger vil ha alle partia med

Leikangerordførar Jon Håkon Odd var ein av få som sådde tvil om dèt var den beste løysinga. Han meiner enkelte parti då risikerer å ikkje få plass.

– Vi ønskjer ei samansetning basert på dagens formannskap. Det sikrar at alle parti blir representerte og får ei stemme i desse prosessane. Det er ei god oppskrift for å skape ein ny kommune, sa han.

Med ei slik samansetning vil Balestrand og Leikanger få fem representantar kvar i fellesnemnda, medan Sogndal får ni. Fordelt på parti vil Arbeidarpartiet få seks representantar, Senterpartiet fire, SV tre, Høgre to, Venstre to, Framstegspariet og Kristeleg folkeparti èin kvar.

Til toppen