LYN FRÅ KLÅR HIMMEL: Eigedomsskatten var gjenstand for heit debatt i kommunestyret i dag. Likevel var dei færraste budde på det som skulle kome. Karin Vikane og Høgre spelte hovudrolla i dramaet, men fekk ikkje resten av representantane med seg i mistillitsforslaget mot rådmannen.
LYN FRÅ KLÅR HIMMEL: Eigedomsskatten var gjenstand for heit debatt i kommunestyret i dag. Likevel var dei færraste budde på det som skulle kome. Karin Vikane og Høgre spelte hovudrolla i dramaet, men fekk ikkje resten av representantane med seg i mistillitsforslaget mot rådmannen.

Her stemmer dei over framtida til rådmannen

Høgre i Sogndal reiste i dag mistillitsforslag mot rådmannen på grunn rotet rundt eigedomsskatten dei to siste åra, men fekk ikkje resten av kommunestyret med seg.

Sogndal: – Eg veit at dette ikkje blir godt motteke, i allefall ikkje i dette kollegiet. Men av respekt for innbyggjarane og vårt eige samvit, så kjem me ikkje utanom det eg no seier, sa Karin Vikane (H) frå talarstolen i dagens kommunestyremøte, før ho avslørte at Høgre reiser mistillitsforslag mot rådmann Jostein Aanestad.

Årsaka er misnøye med måten rådmannen har handtert nytakseringa av eigedomsskatten i kommunen.

I desember 2014 vedtok politikarane i Sogndal ein ny måte å rekne ut eigedomsskatten på. Det førte til ein klagestorm frå folk som meinte eigedomane hadde fått for høg verdi. I sist runde, i slutten av 2016, meinte heile 178 personar dei hadde fått feil takst.

– Dette saman med fleire uheldige saker kan mellom anna ha påverka prosessen med kommunesamanslåing. Då er ikkje konsekvensane av feil og slurv berre særs alvorlege, men uakseptable, sa Vikane.

Les også: Klagestorm: 178 personar i Sogndal ueinige i eigedomsskatten

På vegner av opposisjonspartia KrF, Frp og Høgre kravde ho svar på ei rekkje spørsmål om prosessen og ei orsaking til innbyggarane i Sogndal for den unødvendig irritasjonen og ekstraarbeidet dei har blitt påført.

Ordførar Jarle Aarvoll var den første til å svare. Han innrømte at kommunen kunne ha handtert saka på ein betre måte.

– Me kom til ein situasjon der innbyggjarane følte sinne og frustrasjon. Det beklagar eg på det sterkaste. I ettertid er det gjort tiltak for å sørga for betre rutinar, slik at vi unngår liknande situasjonar i framtida, sa han frå talarstolen.

Rådmann Jostein Aanestad innrømte òg at mykje kunne ha blitt gjort anleis. Han var klar på at dei skulle ha sørga for betre overføring av kompetanse frå den gamle nemnda til den nye som fekk ansvaret for fastsetting av ny takst.  

Karin Vikane (H) var ikkje nøgd med svara. Mistillitsforslaget vart fremja og ordføraren heva møtet for å konferere med gruppeleiarane. Etter nokre kaotiske minutt på bakrommet vart kommunestyret sett på nytt. Ordføraren ba representantane om å stemme over forslaget. Berre dei fire frå Høgre stemte for og forslaget fall.

Vi kjem tilbake med reaksjonar og kommentarar frå politikarane i morgon.

Til toppen