PREMIAR: Barn og unge som har delteke på cuprenn, skyteskule, miniatyrskyting og barneidretten fekk onsdag delt ut premiane sine. Foto: Privat.
PREMIAR: Barn og unge som har delteke på cuprenn, skyteskule, miniatyrskyting og barneidretten fekk onsdag delt ut premiane sine. Foto: Privat.

Her syner dei stolt fram premiane sine

Det har kanskje vore litt utfordrande skiforhold på Kvamme i vinter, men forholda låg godt til rette då premiar skulle delast ut onsdag.

Borgund: Det er ein tradisjon å dele ut premiar for cuprenna, skyteskule, miniatyrskyting og barneidretten kvart år. Onsdag fekk unge deltakarar premien sin i Borgund samfunnshus.

– Det har vore ein varierande vinter med skiftande skiforhold på Kvamme. To av cuprenna blei avlyst grunna manglande snø, men heldigvis fekk me gjennomført dei to siste renna på Maristova.

– På tross skiforholda var det 29 individuelle deltakarar og fem som gjennomførte begge renna. Skigruppa er svært nøgd med oppmøtet forholda tatt i betraktning, seier Heine Linga.

I år er det Knut Maristuen og Ole Timann Hegg som har leia skyteidretten, Linda Uglenes har leia barneidretten, medan Birgit Lunde har tatt seg av cuprenna.

Utanom deltakarpremiering med ulik storleik for talet gjennomførte renn, var det òg premiering for skimerke, bronse (1. stk.), sølv (2 stk.) og emalje (3 stk.). I år vart det ikkje delt ut gullmerke, femårspokal og plakett.

– Leiarane for vinteridrettane takkar for årets oppmøte og ønskjer velkomen til ein ny sesong når hausten og vinteren kjem att.

Til toppen