Årdal: Ordføraren var i utgangspunktet glad for at han fekk sjansen til å syne samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune kvifor det hastar med tunnel på fylkesveg 53 i Jåteli og ei oppgradering av Seimsdalstunnelen, men dagen vart raskt betre.
For medan ordføraren vart intervjua av pressa, skaut leiaren for utvalet, Noralv Distad (H), inn følgjande gladmelding:
– Det er kome brev frå Statens vegvesen til det lokale Vegvesenet der dei førehandsgodkjenner ei stigning i ein tunnel i Jåteli på 7,5 prosent.
– Så flott, utbraut Lægreid.
Tok med seg utvalet på synfaring
Det er ingen løyndom at ordføraren i Årdal saman med innbyggjarane lenge har ønskt seg ein tunnel i Jåteli, populært kalla «400-meteren», fordi det er ei smal og rasutsett strekning. Men ei av dei største utfordringane med å realisere dette var nettopp at stigninga kom til å bli meir enn 5 prosent, som er eit maksimum for nye tunnelar.
Med ei slik førehandsgodkjenning aukar sjansar for å realisere prosjektet drastisk. Prosjektet ligg allereie høgt prioritert. No går eit nytt løp om regional transportplan (RTP), der kommunane skal koma med innspel innan september. Endeleg plan vert vedtekten i fylkestinget mot slutten av året med ein handlingsplan for kva ein skal satse på.
Artikkelen held fram under biletet.

Sjølv om kommunestyret ikkje formelt har handsama saka enno, er ordføraren klar på Jåteli og Seimsdalstunnelen blir dei viktigaste innspela frå deira side.
– Vegprosjekt er noko av det viktigaste som finst, og dette kjem me til å jobbe og prøve å få gjennomslag for, seier Lægreid, som hadde med seg utvalet på synfaring tysdag.
– Eg har tru på at det er betre å sjå ting enn å høyra om det. Eg set stor pris på at utvalet la møtet sitt i Årdal.
Utfordring for lokalsamfunnet
På synfaringa bar det først opp i Jåteli med kommentarar som «jøss» frå dei som ikkje ferdast her dagleg. Deretter gjekk turen gjennom Seimsdalstunnelen.
– Når det gjeld Jåteli, skal den ha høg prioritet fordi det ei rasutsett strekning, men det er avhengig av at midlane blir store og helst aukande i tida som kjem. Det blir jobba med å prosjektera vegen, så må det lagast reguleringsplan, som kan startast i 2018 dersom det blir pengar til det, fortel Distad.
Artikkelen held fram under biletet.

– Elles var det sterkt å sjå Seimsdalstunnelen. Det er ganske mange som bur i Seimsdalen, og me ser at vegen er ei utfordring både for trafikkavvikling og - tryggleik.
Pengar må til
Signala er positive, men til sjuande og sist handlar alt om pengar. Lægreid er iallfall klar på at Årdal ikkje kjem til å forskuttere midlar slik dei gjorde med Naustbukttunnelen, der kommunen har betalt fleire millionar i renter for å «snike i køen».
– Kor mykje hastar det å få på plass desse prosjekta?
– Det er desse me kjem til å prioritere i den neste fireårsperioden. Eg veit at når det gjeld vegprosjekt, må ein aldri gi opp. Jåteli er kome såpass langt at eg har tru på at den kjem.
Når det gjeld Seimsdalstunnelen, er dette eit investeringsprosjekt for fylkeskommunen. Alle tunnelar over ei viss lengd og med ei viss mengd trafikk må tryggleiksgodkjennast i løpet av 2024.
- Les også: Jobbar for å halde Tyin-Årdal vinterope
For å få gjort det, må det gjerast tiltak i tunnelen. Då er det store ting som må til. Difor er prosjektet løfta ut av tunnelrehabiliteringsplanen og vert prioritert i investeringsprogrammet i RTP. Tunnelen blir difor behandla som ei slags binding fordi det har kome signal om han må på plass i løpet av dei første fire åra.