Her syng dei kulturveka i gang

Måndag vart dei første tonane spelt og dermed er årets kulturveke i Aurland musikk- og kulturskule i gang. 

Aurland: Det har vore ein tradisjon å arrangere kulturveke i Aurland i mange år, men denne gongen blir veka litt ekstra spesiell.

– I år blir det ein liten vri, der me gjer ting litt annleis. For det første går me ut av huset vårt og trekkjer inn i sentrum. I tillegg skal me ha tre konsertar mot to tidlegare, fortel Martin Hendriks, tenesteleiar for kultur i kommunen. 

Han håpar at ved å flytte arrangementet inn til Trudvang kino, så vil ein kunne nå ut til eit breiare publikum enn berre næraste familie. 

Sjå eit lite utdrag frå kveldens konsert i galleriet øvst i artikkelen.

Måndag vart det heile sparka i gang med elevane frå Flåm som spelte saman med felegruppa. Onsdag er det musikkleikestova, vokalistar og felegruppa som underheld, medan torsdag er det band- og pianokveld. 

– Det blir veldig variert med alt frå song til piano, der dei yngste elevane går i 1. klasse, legg Hendriks til.

Øvd ekstra

Han har veldig stor tru på årets utgåve.

– Eg trur det blir eit veldig godt nivå. Vanlegvis plar me ha dette i november, men bestemte oss for å ta det i januar denne gongen slik at me fekk litt ekstra tid til øving. I tillegg fekk me bruke litt ekstra pengar på utstyr i fjor, så då er me også litt betre rusta, fortel han.

– Ein givande jobb

Kulturskulen er populær i kommunen. Over halvparten av skuleelevane er med, der undervisninga fordeler seg på Flåm og Aurland. Totalt er dei seks lærarar som underviser. 

– At over halvparten er med, seier sitt. Her har me elevar som er aktive på alle frontar innanfor både idrett og mange andre område, og så har du dei som berre tykkjer dette er interessant. For dei er det gjerne dobbelt så kjekt fordi dette er noko som fenger og passar til deira personlegheit.

– I tillegg er kulturskulen viktig som sosial møteplass. Me satsar veldig på gruppeundervisning, og det å meistre og prestere og stå på ei scene. Det prøver me å gjere med elevane på ulikt nivå. Det trur eg er ein styrke for kulturskulen. Det er givande og ikkje alltid like enkelt. Det er det som er det artige i denne jobben, seier han. 

Til toppen