TAKK FOR HJELPA: Ordførar Noralv Distad overrekte blomar og sjølvsagt eit par med Aurlandsko til avtroppande rådmann Frank Westad. Skoen hadde sjølvsagt ein 10-øring festa i fronten «som ei siste lønsutbetaling», som Distad spøkte med. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her takkar han rådmannen for godt samarbeid

– Best job ever, sa Frank Westad om rådmannjobben i Aurland.

Aurland: Frank Westad deltok på sitt siste kommunestyremøte i Aurland torsdag kveld.

Westad har sidan i fjor sommar hatt jobben som rådmann i Aurland kommune medan Steinar Søgaard har vore ute i permisjon for å ta vidareutdanning.

Torsdag deltok han på sitt siste kommunestyremøte før Søgaard returnerer i stillinga etter påske. Der fekk Westad både ros, blomar og sjølvsagt eit par med Aurlandskoen som takk for innsatsen.

– Det har vore veldig kjekt å ha deg som rådmann i denne perioden, der samarbeidet har fungert veldig bra mellom administrasjonen og politikken, sa ordførar Noralv Distad.

– Best job ever

Westad sjølv takka for gode ord og tok ein personleg takkerunde med alle dei folkevalde i kommunestyret. 

– Eg vil også få takke ordføraren for eit godt samarbeid. Du leiar med snert, stil og humor, og har full kontroll. Eg har aldri opplevd makan til dyktig ordstyrar.

– Det har vore utruleg spennande å jobba her – best job ever. I Aurland er det mange moglegheiter. Eg skulle gjerne ha vore med på reisa vidare og vil ønskje dykk alle lykke til.

Til toppen