LUFTIG: Her blir bana testa for første gong av Daniele Martello, mannen bak den nye konstruksjonen i Flåmsdalen.

VIDEO

Her tek han første prøveturen med den komande attraksjonen i Aurland

Flåmsbana fraktar ein million passasjerar årleg. Denne hausten står ein ny overrasking klar til dei som tek bana nesten til topps.

Aurland: – Det blir kjekt å komma i gang. Det skal bli kjekt å prøva ho sjølv, ikkje minst, seier Per Mikkel Dalsbotten, som står bak den luftige satsinga i Aurland, saman med Atle Terum.

Tidleg i august opnar dei nordens lengste zipline i Flåmsdalen. Bana blir 1381 meter lang, vil få ein høgdeskilnad på 305 meter og ei toppfart på 100 kilometer i timen.

– Me håpar det blir populært, men det veit du aldri før du har prøvd. Me er absolutt optimistar, seier Dalsbotten.

SATSAR: Per Mikkel Dalsbotten (biletet) og Atle Terum står bak bygginga av ein ny zipline frå Vatnahalsen og ned til Kårdalen i Flåmsdalen. Foto: Arne Veum/Aurlendingen.

Tung investering for eiga lomma

Bana har kosta rundt ti millionar kroner å bygga. Bortsett frå eit tilskot på 200.000 kroner frå Aurland kommune, har dei finansiert heile satsinga sjølve. 

Kapasiteten vert på førti personar i timen, men eigarane har ikkje spekulert på kor mange passasjerar dei treng for at det skal bli butikk ut av det.

– Det veit me ikkje heilt. Det får me nesten sjå an etter kvart, seier Dalsbotten.

Bana vil ha tre liner. To til å senda folk i vill fart ned frå utkikkspunktet, og eitt til å frakta utstyr opp og ned.

Kan dra nytte av Flåmsbana i medvind

Den siste vil koma godt med for dei mange som nyt dalen til fots og frå sykkelsetet, men som kanskje ønskjer ein innlagt turboetappe frå Vatnahalsen til stølsysteriet i Kårdalen.

– Dei som syklar over fjellet, kan få sykkelen frakta ned og fortsetta turen etterpå, seier Dalsbotten.

Dei aller fleste vil likevel koma med Flåmsbana, som verkar å setta ny rekordar kvart år. I fjor var det 990.337 reisande. I år blir ingen overraska om talet passerer millionen.

Den nye attraksjonen burde ha gode sjansar om han greier å lokka til seg ein viss prosent av desse. Men det vert for tidleg å trekka dei store konklusjonane i år.

– Det blir berre ein kort prøvesesong i år. Det er greitt å få testa litt logistikk, seier Dalsbotten.

Til toppen