Askim: – Det var veldig stort eigentleg, for i dei to førre avdelingane under NM-veka låg me dårleg an poengmessig til å få ein medalje. Når me då klarte å hoppa oss opp på ein pallplass i siste avdelinga var det ei veldig god kjensle, skriv Natvik i ei Facebook-melding.
Rett etter stemnet bar det nemleg til Singapore på utveksling.
Ho er spesielt nøgd med tanke på at dette var det første NM hesten, forøvrig lånt, deltok i.
– Ho har vore rolig og lærevillig og det gjer alt litt lettare. Ellers har me gjort det me kan for å vere greitt forberedt til NM-veka og trent jamnt og variert, seier Natvik.
Ho har tidligare tatt NM-gull for lag, samt vore med i nordisk og fjordhest-EM, men ser hestesporten først og fremst som ein hobby. Om enn ein tidkrevjande ein.
– Hadde det ikkje vore for stemne og slike oppturar som dette, så hadde det nok slite på motivasjonen iblant. Det er jo alltid morsomt å gjera det bra, seier Natvik.