RØRT: Ein kjensleladd Rune Bolseth (36) gjer seg klar til å ta farvel med heimepublikumet i spelartunnelen før kampen mot Aalesund.
RØRT: Ein kjensleladd Rune Bolseth (36) gjer seg klar til å ta farvel med heimepublikumet i spelartunnelen før kampen mot Aalesund.

Her tek legenda eit rørande farvel med Fosshaugane

Rune Bolseth (36) spelte i dag sin aller siste kamp i sogndaltrøya.

Sogndal - Aalesund: 2-4

Du såg det allereie i spelartunnelen før kamp kor mykje dette betydde. Med kapteinsbindet på armen, og i følgje med alle dei tre jentene sine, stod ein prega Rune Bolesth klar til å bli hylla av heimepublikummet.

Sjølv etter at kampen var blåst i gong verka det som evigheitsmaskina måtte kjemp for å halde tårene attende.

– Det er spesielt når du veit du går ut på bana for siste gong og tek avskjed med heimearenaen du har hatt i femten år. Eg har vanvittig mange gode minne og flotte opplevingar. Det var litt rart, seier Rune Bolseth i pressesona etter kampen.

Les også: Trist tap for Sogndal i serieavslutninga

SISTE JUBEL: Martin Ramsland har nettopp sendt Sogndal i føringa 2-1 mot Aalesund, det siste målet Rune Bolseth fekk feire med lagkameratane på Fosshaugane. 
SISTE JUBEL: Martin Ramsland har nettopp sendt Sogndal i føringa 2-1 mot Aalesund, det siste målet Rune Bolseth fekk feire med lagkameratane på Fosshaugane. 

– Skal vere stolt av jobben han har gjort

Det vart ikkje heilt det punktumet på karriera han hadde ønskt seg. Men med opprykket i fjor og ein solid prestasjon i returen til eliteserien, forlet han likevel sogndalskuta med rak rygg.

VERDIG AVSKJED: Rune Bolseth vart passande nok kåra til bestemann på Sogndal i avskjedskampen. 
VERDIG AVSKJED: Rune Bolseth vart passande nok kåra til bestemann på Sogndal i avskjedskampen. 

– Den gjengen som har vore med no, både spelarar og trenarar, har vore heilt fantastisk. Eg er veldig glad for å avslutte bra, sjølv om det irriterar litt at vi ikkje tek meir poeng i dei siste kampane, seier Bolseth.

Trenar Eirik Bakke er full av lovord om mannen som i dag spelte sin 404. kamp i sogndaltrøya.

– Han er den siste som gir seg i den berømte 2000-generasjonen, med Stadheim, Øren og Ødegaard, så det er litt vemodig. Kampen i dag vart ikkje heilt den me håpte på, men eg er ikkje så oppteken av det i dag. I dag tek me farvel med ein spelar det ikkje finst så mange av og han skal vere stolt av den jobben han har gjort, seier Bakke.

Går over i trenarrolla

Det var ikkje før på tirsdag denne veka at Rune Bolseth fortalte lagkameratane om avgjerda. Bakke fortel om ei kjensleladd stund i garderoben.

– Det trur eg er det tøffaste han har gjort, det var vel så vidt han greidde å halde seg. No trur eg han er letta over at det er slutt. Han har gjort jobben for klubben, seier Bakke.

Sjølv om han tek farvel med spelarkarriera, er det likevel ikkje det siste vi har sett av Bolseth i korridorane på Fosshaugane. Til neste år er han tiltenkt ei rolle som trenar, utan at det er heilt planlagt kva den rolla vil gå ut på.

– Kampane har vore fokuset, så vi har ikkje sett oss ned enno for å diskutere nøyaktig kva eg skal bidra med. Men det blir ei rolle rundt dei unge talenta i klubben. Det blir nok av tid til å sjå på det no, seier Bolseth.

TAKKA KAPTEINEN: Håvard Flo gir Bolseth ein skikkeleg klem før kampen. Legenda fekk ståande applaus og vart hylla av både med- og motspelarar i avskjeden.
TAKKA KAPTEINEN: Håvard Flo gir Bolseth ein skikkeleg klem før kampen. Legenda fekk ståande applaus og vart hylla av både med- og motspelarar i avskjeden.
Til toppen