POPULÆR MØTEPLASS: Når du skal lære språk er ingenting betre enn å praktisera saman med dei som har fått det inn med morsmelka. Frå venstre: Birgit Kverme Johnsen, Guttorm Flatabø, Marshet Worku Mitku, Fasika Girma Kebede, Liv Drangfelt og Béatrice Bienville.
POPULÆR MØTEPLASS: Når du skal lære språk er ingenting betre enn å praktisera saman med dei som har fått det inn med morsmelka. Frå venstre: Birgit Kverme Johnsen, Guttorm Flatabø, Marshet Worku Mitku, Fasika Girma Kebede, Liv Drangfelt og Béatrice Bienville.

Her terpar dei språk over ein kopp kaffi

I ei tid der me ser ut til å ha gløymt kunsten å snakka saman, viser språkkafèn i Sogndal kor enkelt det kan gjerast. 

Sogndal: Språkkafèen på biblioteket i Sogndal vart starta opp tidlegare i haust. Annakvar måndag kan framandspråklege få praktisert norsk saman med norsktalande.

NYTT TILBOD: Lise Hilleren i Sogndal kommune er ei av dei som står bak det nyoppretta tilbodet.
NYTT TILBOD: Lise Hilleren i Sogndal kommune er ei av dei som står bak det nyoppretta tilbodet.

–  Dei blir kjende med nordmenn som dei kan stoppa på butikken og prata med. Det blir litt trivelegare når det ikkje berre er framande fjes rundt deg, seier Lise Hilleren i Sogndal kommune.

Les også: Språkpraksis sikra Haydeh sommarjobb
Les også: Integrering via fotballen

Viktig språkpraksis

Denne måndagen var det ti-tolv personar innom. For to av dei, Marshet Worku Mitku og Fasika Girma Kebede, var det første møtet med språkkafèen.

– Eg hadde høyrt om språkkafèen frå før, men eg bur på Hafslo, så det har vore litt vanskeleg for meg å delta. I dag var eg her allereie, så eg tenkte eg kunne bli med og sjå korleis det er. Viss eg budde her kunne eg ha vore med kvar gong. Det hjelper på språket, seier Mitku.

Les også: Slik er planen for å busetje og integrere flyktningar i Årdal

Begge jobbar på hotell, men det vert overraskande lite tid til å praktisera språket i arbeidstida. Difor er dei takknemmelege for kvar sjanse dei får til å prata med nokon som har norsk som morsmål. 

– I tillegg liker eg ikkje å berre sitja heime, seier Fasika Girma Kebede.

Sjølv om dette var første gong ho var på språkkafè, deltek ho jamnleg på fleire av dei andre møteplassane i bygda, som strikkekafèen i regi av Røde Kors og Sim Cafè i regi av Sogndal statlege mottak. Ho er svært glad for at det er såpass mange tilbod.

– Det er bra for oss. Me får prata norsk og får mange nye vennar. Det treng me, seier Kebede.

– Kommunikasjon har nesten alt å seie

Tilbodet hadde aldri blitt noko av viss det ikkje var for dei frivillige. 

Birgit Kverme Johnsen er ein av dei som møter opp nesten kvar gong. Ho tykkjer det berre er givande.

– Du blir kjent med dei og får eit forhold til dei nye som kjem hit til kommunen vår. Eg ser på det som eit fint tilbod frå biblioteket si side. Kommunikasjon har nesten alt å seia for korleis dei vil trivast her. Og så har eg jo tid til det som pensjonist, seier ho.

Ho trur det er langt enklare å komme i kontakt med folk her enn om du bur i storbyen. Sjølv har ho vorte ekstra godt kjent med ei dame frå Somalia, som ho òg har vore leksehjelp for heilt på eige initiativ.

– Ho har to søstrer som bur i Oslo. Når dei høyrer alt ho er med på, seier dei til ho: «kor heldig du er».

Til toppen