(Foto: Andreas Gjerde)
(Foto: Per Odd Grevsnes)
(Foto: Andreas Gjerde)
(Foto: Andreas Gjerde)
(Foto: Andreas Gjerde)
(Foto: Andreas Gjerde)
(Foto: Andreas Gjerde)
(Foto: Andreas Gjerde)
(Foto: Andreas Gjerde)
(Foto: Andreas Gjerde)

Her trenar skredgruppa på det verst tenkelege scenarioet

Tre personar er sakna etter eit snøras og skredgruppa i Sogn får assistanse frå helikopter i bergingsaksjonen. Det var scenarioet på ei stor øving i Sogndalsdalen tysdag kveld.

Sogndal: Med seg på den fullskala øvinga hadde skredgruppa både politi og redningshelikopteret frå Florø. Saman fekk dei trena på førsteinnsats og det å setta av mannskap frå skredgruppa i fjellet.

– Me treng å øva i lag, for me kan risikera å hamna i redningsaksjonar der me må samarbeida. Bruk av helikopter er superaktuelt i mange situasjonar. Me fekk øvd på fleire av desse elementa og helikopteret fekk testa korleis det er å vera på høgfjellet i masse laussnø, seier Per Odd Grevsnes, leiar i Luster og Sogn skredgruppe.

Tredje øvinga i år

VIKTIG TRENING: Til no i år har det ikkje gått skred, men leiar Per Odd Grevsnes i Luster og Sogn skredgruppe seier det er viktig å vera budd på det verste. Foto: arkiv.

Øvinga gjekk ut på at tre personar var sakna etter eit skred. Dokker var gravne ned og vart erstatta med levande personar, såkalla markørar, då dei var gravne fram. Desse markørane vart så transporterte vekk med skuter og i helikopter.
 
Grevsnes fortel at dette er den tredje fullskalaøvinga dei har i år.

– Me byrjar etter kvart å føla at me er godt førebudde og me har flinke folk med oss, seier han.

Ingen skred til no i år

Gjennom sesongen har det eit par gongar vore meldt stor snøskredfare i Indre Sogn. Likevel har det ikkje gått nokon skred.

Grevsnes seier snøen til no har vore medgjerleg, i det minste i Sogndalsdalen.

– Men dette kan endra seg veldig fort. For oss er det viktig å vera budde på at det faktisk kan skje noko. Fleire og fleire er ute og køyrer laussnø på kveldstid. Difor har me óg nesten alle øvingane våre på kveldstid, seier han.

Til toppen