Her trenar Utvik for fullt for første gong på tre månader

– Det er mange timar trening som ligg bak, seier den spelesugne midstopparen.

Sandefjord-Sogndal: Kampstart kl. 19.00.

Medan våren baud på stopparkrise, kan trenar Eirik Bakke få eit langt rikare utval utover hausten. Nyinnkjøpte Greenidge fekk debuten mot Odd, medan både Kjetil Wæhler og Bjørn Inge Utvik har trent for fullt denne veka. Sistnemnde var tysdagstreninga den første med laget på tre månader.

– Det er ikkje mykje som er betre enn det å få trena med gutane igjen. No ser eg fram til å vere med kvar dag, seier Utvik.

Frå kajakk til full trening på tre månader

Etter oppvarminga og firkantspelet var Utvik med på ei kort men intensiv speløkt, før han køyrte nokre maksspurtar saman med stopparkollega Wæhler.

– Kroppen kjennest veldig bra. No gjeld det å bli van med motstandarar og duellar, seier Utvik.

Det er ikkje lenge sidan vi såg han padle intervallar i kajakk for å halde forma ved like etter ankelbrotet. Men Utvik deler ikkje oppfatninga om at han har kome raskt tilbake.

– Det er ikkje så lenge sidan eg haldt på med det, nei, men eg føler ikkje sjølv at det har godt særleg fort. Det er mange timar trening som ligg bak, så det er godt å endeleg komme i gang utpå feltet, seier Utvik.

Trenar Eirik Bakke fortel at haurdhausen har masa lenge om å få vere med resten av laget på trening:

Bakke er glad overgangsvindauget stenger

 

– Me har holdt han litt tilbake, for det er framleis tidleg, berre tre månader sidan skaden. Viss han kan byrja å melda seg på litt etter kvart, så er det bra, seier han.

Sesongen har vore prega av skadar, noko som har tvinga fram store endringar i stallen. I vår vart to spelarar henta utanfor overgangsvindauget, i sommar har det blitt fem signeringar. 

– Utskiftinga i troppen har vore ekstrem. Det er ikkje ideellt å halda på slik i lengda, men dette året her blir heilt spesielt. No har me fått på plass ein god og ikkje minst svolten gjeng til hausten, som forhåpentlegvis ikkje tek lang tid å få igang, seier Bakke, før han konkluderer:

– Det er godt vindauget stenger snart.

Til toppen