ISKALDT: På Filefjell var det minus 30 grader i natt. Ifølgje vakthavande meteorolog Steinar Skare vil kulda vedvare iallfall fram til laurdag. Foto: Webkamera.
ISKALDT: På Filefjell var det minus 30 grader i natt. Ifølgje vakthavande meteorolog Steinar Skare vil kulda vedvare iallfall fram til laurdag. Foto: Webkamera.

Her var det minus 30 grader i natt

Fram mot laurdag er det venta at det skal bli endå kaldare enn no.

Årdal/Lærdal: Etter ein svært mild desember månad, er det no bitande kaldt i Indre Sogn. Saman med det fine vêret kryp også temperaturen langt ned på gradestokken. 

Fram mot laurdag er det venta temperaturar heilt ned i minus 15 grader i til dømes Årdal. På fjellet blir det endå verre, og det har ein fått merke. Natt til tysdag var det minus 30 grader på Filefjell mellom anna.

– Det er eit høgtrykk som ligg nord-aust for landet vårt i Russland, samstundes som det er eit lågtrykk over Storbritannia. Mellom desse er det ein austleg vindretning som fører med seg kald luft, fortel vakthavande meteorolog Steinar Skare ved Vêrvarslinga.

Ved målestasjonen i Lærdal var temperaturen minus 10 grader klokka 10.00 tysdag føremiddag. Ifølgje Skare kjem ikkje vêret til endre seg særleg fram mot laurdag.

Det betyr knallblå himmel og sol – iallfall der fjella ikkje står i vegen. 

– Kor spesielt er det med slik kulde på Vestlandet?

– Slike periodar har me om vinteren. Det er vel heller det at me har hatt det mildt i perioden før som gjer dette spesielt, seier Skare.

Måndag gjorde vinden sitt til at det vart ekstra kaldt i Indre Sogn, men den skal ikkje auke i styrke, så det vil neppe skape trøbbel på fjellovergangane.

Til toppen