FULLT: Då Tønjum grendalag arrangerte basar søndag, var det så fullt at folk måtte sitje på gangen i Tinghall. Foto: Jan Christian Jerving.
FULLT: Då Tønjum grendalag arrangerte basar søndag, var det så fullt at folk måtte sitje på gangen i Tinghall. Foto: Jan Christian Jerving.

Her var det smekkfullt – måtte sitja på gangen

Basaren til Tønjum grendalag trekte så mykje folk at nokre måtte sitja på gangen for å få plass. 

Tønjum: – Me har fått inn til saman litt i underkant av 80 000 kroner. Det er heilt fantastisk, seier kasserar Frida Refsum då Tønjum grendalag arrangerte basar søndag. 

Det er den samla summen på åresal og loddboksal i løpet av dei siste to vekene. Primus motor for basaren er Kirsten Grøthe og Brita Ødegård, som begge hadde det svært så travelt.

– Eg er på jobb ser du. Me har seld for nærare 40 000 kroner i bøker, så her må eg berre stå på, smiler Grøthe undervegs. 

Til gode føremål

Når Tønjum grendalag arrangerer basar, må ein setje av søndagen. Denne gongen var det så fullt at enkelte måtte ut på gangen for å få plass.

Artikkelen held fram under biletet.

SPENNANDE: Det er alltid spennande om ein får med seg noko heim frå basar.
SPENNANDE: Det er alltid spennande om ein får med seg noko heim frå basar.

Allereie ein time før basaren var i gong var ivrigaste på plass i Tinghall. 

– Det er hyggeleg at me kan vera samla her. Alle har vore velvillige og stilt opp med handarbeid og mat, seier Refsum, som fortel at pengane som vert samla inn skal gå til gode føremål i bygda.

– Det må sendast inn søknad frå dei som ønskjer ein skjerv av basarinntektene. 

Til toppen