BIKKJEKALDT: Filefjellet var ein av dei kaldaste plassane du kunne opphalde deg natt til i går. Her frå skisenteret på Tyin. Foto: Webkamera/Tyinfilefjell.no.
BIKKJEKALDT: Filefjellet var ein av dei kaldaste plassane du kunne opphalde deg natt til i går. Her frå skisenteret på Tyin. Foto: Webkamera/Tyinfilefjell.no.

Her var det tredje kaldast i landet i natt

På Filefjell vart det målt temperaturar ned mot tredve minusgrader i natt.

Filefjell: Det var ved målestasjonen ved Kyrkjestølane, 954 meter over havet, at gradestokken akkurat bikka minus tredve.

Berre Folldal i Hedmark og Leirflaten i Oppland var kaldare med minus 33,5 og minus 30,9 grader, ifølgje Meteorologisk institutt.

Også på Sognefjellshytta fekk temperaturmålarane køyrt seg. Minus 22,6 var nok til å ta fjortandeplassen i landet på statistikkane.

På Sogndal lufthamn vart det målt minus 11,7, medan i låglandet i Lærdal var temperaturen på det lågaste minus 8,7.

Til toppen