Her vassbombar dei fjellsida

– Vegen vert ikkje opna i dag, seier fungerande avdelingsdirektør.

Gudvangen: Mannskapet har i dag ved hjelp av helikoptar arbeidd med å reinske fjellsida med vatn for stein og lause massar. Arbeidet held fram utover ettermiddagen.

Geolog er på staden og skal gjere ein ny vurdering av området seinare i ettermiddag. Då vil det bli klart om ein må i gang med meir reinsking eller om arbeidet med å rydde vegen kan starte. Jobben med å reparere og rydde vegen kan starte så fort geologen meiner det trygt.

Sjå bilete frå raset i galleriet øvst i artikkelen.

– Me ser at det har losna eit bergparti på fleire tusen kubikkmeter frå 600 meters høgde. Det har gått utover ei ur med stein og landa på vegen. Det ligg att lause massar som me er usikre på om vil rase ut, seier geolog Espen Eidsvåg som er i området på oppdrag frå Statens vegvesen, til NRK.

Blir ikkje opna i dag

Fungerande avdelingsleiar i Statens vegvesen, Ingar Hals, sa tidlegare onsdag at så fort det er trygt å ferdast i rasområdet, vil det ikkje ta lang tid å rydde vegen.

– Vegen blir ikkje opna i dag. Når vi er ferdige med sikringsarbeidet, vil me vite meir om når me får opna vegen, seier fungerande avdelingsdirektør Ingar Hals i Statens vegvesen, vegavdeling Sogn og Fjordane. 

Dei største steinane må sprengast med dynamitt før ein kan frakte dei vekk.

– Ta det med ro

Det var tysdag ettermiddag at store steinmassar losna frå fjellet og raste 800 meter ned på E16. Raset har råka 300 meter av vegbana som enkelte plassar er heilt smadra. 

Ingen vart skadd som følgje av raset, mykje takka vere Johnny Steensen og Roar Gilbu som reiste opp til rasområdet like etter dei første rasa for å dirigere unna trafikk og sjekke om nokon vart treft av steinane.

Trafikantar som skal i retning sør-nord bør nytte E39 over Lavik- Oppedal. På dagen onsdag var det opp mot ein time venting for å kome med ferja Hella-Vangsnes. Tre ferjer går kontinuerleg på strekninga, noko dei vil halde fram med utover kvelden. Statens vegvesen har på plass trafikkdirigentar på Vangsnes og Hella. 

For trafikantar som skal øst-vest er det skilta omkøyring er via Rv. 7 over Hardangervidda, E134 over Haukelifjell eller Rv.13 over Vikafjellet. Statens vegvesen ber trafikantar ta det roleg på omkøyringsrutene.

Til toppen